Bygningane og utstyret som er lagra på Vigra er svært sentrale i norsk kringkastingshistorie.
Venneforeininga blei danna i 2004 for å ta vare på kulturarven frå Vigra kringkastar.
Foto: NRKNo kan ein strid rundt opprydding av området føre til at bygningane rivast, og at planane om eit museum blir skrinlagt for godt. Jon Hildre, leiar i Venneforeininga for Vigra Kringkastar, syns situasjonen er fortvilande.
– Vi har jobba i snart tjue år for å ta vare på denne historia, og ingen har jobba meir enn grunneigaren for å ta vare på historia. No kan den forsvinne og det tykkjer eg er tragisk, seier Hildre.
- Les også:
Viktig rolle
Mellombølgesendingane frå Vigra kringkastar har spelt ei viktig rolle sidan dei blei sett i drift i 1935. Då 2. verdskrig braut ut vart sendaren sett på som den viktigaste i landet.
MINNER: Venneforeininga for Vigra Kringkastar ynskjer å etablere eit permanent museum i anlegget.
Foto: Besnik Zogaj / NRKI mai 1940 vart sendaren bomba og åtte år seinare blei den rekonstruerte stasjonen opna av kong Haakon. Den 232 meter høge masta er borte, men framleis står bygningane igjen etter kringkastaren.
Venneforeininga for Vigra Kringkastar har dei siste 20 åra samla ei rekkje objekt for å dokumentere historia til sendaren og jobba for å etablere eit permanent museum i anlegget.
– Her ser vi originale merker etter engelske flyangrep, seier Hildre og viser fram eit av objekta dei har samla på.
- Les også:
Vil fjerne bygget
Området på Vigra er fylt av historiske objekt. Mykje av det gamle utstyret kan bli kasta dersom bygningane rivast. Både Venneforeininga og Giske kommune har protestert mot dette. Heller ikkje kulturavdelinga i fylket vil tilrå riving.
Jørgen Thaule, direktør for kommunikasjon og samfunnsansvar i Telenor Broadcast, seier at det blir riving fordi dei har avtale med grunneigar om å rydde opp.
Foto: TelenorTelenor Broadcast meiner dei har gjort alt dei kan for å bevare området. Norkring har bestemt seg for riving fordi dei har ein avtale med grunneigar om å rydde opp etter seg. Dei har prøvd å få til ei museumsløysing utan å lukkast, og meiner at riving er det einaste alternativet.
– Mange instansar har prøvd å bevare dette i ti-femten år og dessverre så har det ikkje lukkast. No må vi i Norkring oppfylle dei avtalane vi har med grunneigar, noko som inneber riving, seier Jørgen Thaule i Telenor Broadcast.
Grunneigaren seier til NRK at han ønskjer at Norkring og Telenor skal få nytte området til museum i framtida. Han meiner ein krangel mellom ulike Telenorselskap er grunnen til at bygningane står i fare for å bli rivne, og at det er Telenor aleine som kan avgjere denne saka.
– Våre fagmyndigheiter har bestemt at dei heller vil bruke pengane på ting som er meir verdt å ta vare på. Kjem det nye moment i saka så er vi alltid villig til å sjå på dei, seier Thaule.