NRK Meny
Normal

Krim skal friste

Med inspirasjon frå ein populær tv-krim vil dei lokke elevar til biologifaga ved Høgskulen i Ålesund.

CSI Ålesund, overing. ved HIÅ, Gro Hagen og Cecilie Tynes med Camilla Nordang og Kristoffer Hjellen.
Foto: Ingrid Vestre Haram / NRK

I dag fekk elevar frå Volda, Sykkylven og Ålesund vidaregåande skule bryne seg på ei krimgåte.

CSI Ålesund

Plottet elevane får servert er som henta frå tv-serien:

Ein overingeniør med namnet Gro Hagen er funne bevistlaus. Slått i hovudet med ei målekolbe. CSI Ålesund har samla DNA-spor frå åstaden og denne veka skal elevar frå sju videregåande skular i Møre og Romsdal analysere spora for å finne den skuldige.

Crime Scene Investigation

Arrangørane av labb-veka ved Høgskulen i Ålesund må heile tida tenkje nytt for å tiltrekkje seg nye studentar til biologifaga. I år bygger dei på den populære amerikanske CBS-serien CSI og inviterer elevane til å løyse mysteriet om kven som slo ned overingeniør Gro Hagen.

Kort og godt
Foto: Ingrid Vestre Haram / NRK

- Det har blitt funne blod frå to personar på åstaden. Det eine kjem frå offeret, og då må det andre vere frå forbrytaren, fortel studieleiar Robert Wolff.

- Elevane analyserer det og samaliknar DNA-profilar for å sjå kven av dei fem misstenkte det er som har sått ho ned, seier han.

Spennande

- Eg har tenkt på å studere til bioingenør før, men dette er absolutt noko som kunne fått meg til å bli interessert, seier Cecilie Tynes frå Sykkylven videregåande skule.

- Det er spennande å sjå korleis ein kan analysere blodprøver og bruke ulike kjemiske stoff for å finne ein mordar, seier ho.