Politi illustrasjon
Foto: Kyrre Lien/Scanpix

Krim og hendingar i Møre og Romsdal

Oppsummert

Tips oss på mr@nrk.no, på våre Facebook-sider, emneknagg #nrkmogr eller på telefon 70 11 52 00/91 50 30 30.

  • Tungt narkotikamiljø for retten

    Måndag er det venta tungt politioppbod og ekstra sikringstiltak ved Romsdal tingrett, skriv RB-nett. Fire personar frå narkotikamiljøet i Molde og Kristiansund er tiltalte for grove oppgjer i narkotikamiljøet. Ein av dei har også budd mange år i Ålesund, ifølge avisa. Valdsbruken til hovudtiltalte er så grov at statsadvokaten truleg vil be om forvaring, skriv RB-nett.

  • To menn siktet etter knivstikking

    To menn er siktet for grov kroppsskade og medvirkning til dette etter å ha knivstukket en mann i 20-åra to ganger i ryggen i Molde. De to ble i dag varetektsfengslet som følge av hendelsen. Det skriver Rbnett.no.

  • Pågripen og sikta for vald

    Ein mann i 50-åra er onsdag ettermiddag pågripen og sikta for vald i nære relasjonar. Hendinga skjedde i Romsdal, og operasjonsleiar John Brattland i Møre og Romsdal politidistrikt seier til NRK at mannen er sett i arrest på grunn av fare for at han skal gjere det same igjen.

  • Kontroll på brann

    Brannvesenet har no kontroll på brannen i ein einebustad i Fiksdal. – Brannvesenet frå Tomrefjord kom først fram til staden og brannen er no sløkt, seier operasjonsleiar ved 110-sentralen i Møre og Romsdal. Ifølgje politiet skal brannen ha starta på kjøkkenet. Ingen personar blei skadd i brannen. Brannvesenet held no på med utlufting på staden.