Krilltvist til tingretten i Volda

Høgsterett har bestemt at rettssaka mellom Kjell Inge Røkkes Aker Biomarine og Stig Remøy-selskapet Rimfrost skal førast i søre Sunnmøre tingrett. Aker Biomarine og Rimfrost har vore ueinige om førstnemnde kjøpte krill-trålaren "Juvel" med eller utan patent. Saka skulle opp 20. august i år, men blei utsett etter strid om kvar rettssaka skulle førast. No er det bestemt at saka skal førast i Volda. Rettssaka startar 10. desember, skriv Dagens Næringsliv.

Søre Sunnmøre tingrett
Foto: Synnøve Hole / NRK