Krigshelten heidra for 80 år i turistforeininga

Joachim Rønneberg (98) er kjent som krigshelt, og leiar av tungtvannsaksjonen ved Rjukan. No får han ros for engasjementet sitt etter at krigen var slutt.

Joachim Rønneberg

SMILANDE: Joachim Rønneberg var ved godt humør og smilet sat laust då han fekk besøk for å feire jubileet.

Foto: Aleksander Båtnes / NRK

– Friluftsliv har betydd mykje for meg. Eg trivst like godt i fjellet no som før, men dessverre har beina begynt å bli litt skrale, seier Joachim Rønneberg.

Han fekk besøk på aldersheimen av familien og representantar frå Ålesund-Sunnmøre Turistforening (ÅST). Dei hadde med kake, konfekt og blomster.

Kake til Joachim Rønneberg

FEIRING: 80 år i turistforeininga blei naturleg nok feira med kake.

Foto: Aleksander Båtnes / NRK

For den spreke 98-åringen har no vore medlem av Den Norske Turistforening (DNT) i 80 år.

Erfaringa frå fjell og friluft var viktig for Rønneberg, også under krigen.

– Det betydde kolossalt mykje. Eg kunne gå så trygt i fjellet, fordi eg nesten visste kor kvar einaste stein skulle ligge. Det var til stor hjelp, fortel han.

Joachim Rønneberg - den siste sabotøren

AKTIV: Joachim Rønneberg har vore ein aktiv mann heile livet. Her avbilda i forbindelse dokumentaren Den siste sabotøren.

Foto: NRK

– Viktig for foreininga

Linda Flem i ÅST trur han har betydd mykje for foreininga. Både som eit kjent namn som har talt varmt om fjellheimen og foreininga, men også som personleg engasjert.

Linda Flem

VILLE MARKERE: Linda Flem frå Ålesund-Sunnmøre Turistforening seier dei litt tilfeldig fann ut om jubileet, men at det var riktig å markere.

Foto: Birthe Bringsvor

– Han låg jo på Fieldfarhytta under krigen, var sekretær for ÅST og i tillegg blei jo Fjellposten – som vi framleis gir ut – etablert då han var sekretær, fortel Flem.

Rønneberg er blant dei som har aller lengst medlemskap i DNT.

– Det er fire andre som har vore medlem like lenge eller lenger. Men 80 år er jo spesielt, og det ville vi markere.

Rekonstruerte krigshytte

Rønneberg var blant anna med å rekonstruere Fieldfarehytta i Veltdalen i Tafjordfjella, som han sjølv brukte under krigen, for å gi eit bilde av korleis motstandsmennene budde.

Den DNT-eigde hytta i Tafjordfjella fekk seinare Claus Helbergs minnepris.

Fieldfarehytta

SABOTØRHYTTE: Tre Kompani Linge-offiserar bygde Fieldfarehytta våren 1944. Herifrå jobba dei med å øydelegge kommunikasjonane i Romsdal og Lesja.

Foto: Runar Eidslott

Var lenge taus om Vemork

Lenge heldt Rønneberg historiene om krigen for seg sjølv, men under ei reise på Sunnmøre på 70-talet bestemte han seg for å fortelje.

Då fekk NRK sin lydteknikar streng beskjed om å stoppe bandopptakaren.

Også i seinare år har han fått mykje merksemd og vore svært aktiv.

Rønneberg gjekk til NRK i 1948 og avslutta karrieren som redaksjonssjef, men har heile tida – uansett arbeid – vore trufast medlem i Den Norske Turistforening.

Norsk dokumentar. Bare 23 år gammel ble Joachim Rønneberg plukket ut til å lede kommandosoldatene som skulle stoppe Nazi-Tysklands forsøk på å lage en atombombe. Aksjonen mot tungtvannsfabrikken på Vemork ble gjennomført på en så imponerende måte at den fremdeles er på pensumlisten for dagens spesialsoldater. Nå forteller 95 år gamle Rønneberg hvordan han opplevde den dramatiske aksjonen.

DEN SISTE SABOTØREN: I NRK-dokumentaren frå 2015 fortel Joachim Rønneberg at han syntest det var vanskeleg å snakke om krigen. Han hadde bestemt seg for at han ikkje skulle "tene" noko på det han hadde gjort.

Krigshelten Joachim Rønneberg