KrFU krev difor at ein ungdom får ein av dei tre første plassane på stortingslista før valet hausten 2005.
Generasjonsskifte
Den 19 år gamle KrFU-leiaren Helge Gårdsvold frå Sula meiner KRF i Møre og Romsdal no har ein gylden sjanse til å fornye seg, etter at Kjell Magne Bondevik har takka nei til fornya tillit.
Kven som bør få toppvervet i Møre og Romsdal, er ikkje KRFU sikre på enno, men Gårdsvold trur ikkje sambygdingen May Helen Molvær Grimstad (36) får plassen utan kamp.
For gamal?
Grimstad sit i dag på Strtinget og har hatt andreplassen etter Kjell Magne Bondevik. Ho er rekna som favoritten til toppplassen, men er altså, med sine 36 år for gamal ifølgje KrFU.