Hopp til innhold

KrF: Dei fleste avventar nominasjonsprosessen

Medan tidlegare leiar i Møre og Romsdal KrFU, Simon Molvær Grimstad, går offensivt ut og seier han vil ha ein plass i toppen av KrF-lista, vel dei fleste andre kandidatane å avvente nominasjonsprosessen.

Krf nominasjon

Dette er KrF- kandidatane NRK har vore i kontakt med. Tore Johan Øvstebø, Arild Iversen, Victoria Smenes, Simon Molvær Grimstad, Steinar Reiten og Randi Walderhaug Frisvoll.

Foto: NRK

Men éin kandidat til melder seg no på i konkurransen fram mot den endelege nominasjonen. Fylkestingsrepresentant Randi Walderhaug Frisvoll flaggar fredag at ho godt kan tenkje seg ei plassering som gjev plass på Stortinget.

Randi Frisvoll

Randi Walderhaug Frisvoll vil gjerne representere Møre og Romsdal KrF på Stortinget.

Foto: Trond Vestre / NRK

– Eg vil gjerne ha ei topplassering, eg. Vil medlemene ha meg så stiller eg opp. Men det er opp til medlemmene. Så eg tek det heile med knusande ro, seier ho til NRK.

Ho legg ikkje skjul på at ho kjem til å svare ja om ho blir spurt av nominasjonskomiteen. Men ho legg vekt på at det skal vere ein demokratisk prosess, og at det viktigaste er at Kristeleg Folkeparti får minst ein representant frå Møre og Romsdal inn på Stortinget.

Vi må ha nokon som fengjer heile fylket. Og store deler av veljargrunnlaget er på Sunnmøre, så det er viktig med ein sunnmøring høgt oppe, seier ho.

Ho vi slett ikkje kritisere Simon Molvær Grimstad for å ha gått for offensivt ut i nominasjonsprosessen.

Det er viktig å vere på høgget, seier ho.

Steinar Reiten avventar

Men alle dei andre potensielle toppkandidatane som NRK har vore i kontakt med har ei meir avventande haldning. Dei ventar med å seie noko til dei eventuelt blir spurt av nominasjonskomiteen.

Steinar Reiten

Steinar Reiten avventar prosessen i nominasjonskomiteen.

Foto: Trond Vestre / NRK

– Gangen i nominasjonsprosessen er slik at lokallaga skal kome med innspela sine først. Eg vel å ikkje gå ut med mine ambisjonar før eg har gjeve mitt svar til nominasjonskomiteen, seier Steinar Reiten.

Reiten blir rekna som ein av dei mest aktuelle kandidatane frå Nordmøre. Han var partiet sin listetopp ved fylkestingsvalet både i 2011 og 2015. Han er også inne på varaplass til Stortinget, og har ved inngangen til haustsesjonen møtt på Stortinget i underkant av 200 dagar.

Han vil ikkje kritisere Simon Molvær Grimstad for å ha følgt ein meir offensiv strategi.

– Det er veldig greitt at han gjer det han gjer. Det er godt å ha mange valmuligheiter. Han har gjort ein kjempejobb for partiet, og eg er udelt positiv til utspelet hans, seier Reiten.

Sunnmøring høgt på lista

Mykje tyder på at nominasjonskomiteen vil plassere ein sunnmøring høgt på Krf-lista. Leiar i nominasjonskomiteen, Knut Støbakk, er tydeleg på at partiet må ta omsyn til at 68 prosent av veljarane høyrer heime på Sunnmøre.

I nominasjonsreglane heiter det også at det skal vere kjønnsbalanse på dei fire første plassane. To skal vere kvinner og to skal vere menn. Blant desse fire skal det vere ein ungdomskandidat.

Arild Iversen avventar

Ein av dei fremste mannlege kandidatane på Sunnmøre er tidlegare ordførar i Volda, Arild Iversen. Han kom inn i fylkestinget etter valet i 2015 og har vore fylkesleiar frå 2012 til 2016. Også han held seg til tradisjonen i partiet og vil ikkje kommentere sitt kandidatur i dag.

Tidlegare Volda-ordførar Arild Iversen

Arild Iversen avventar prosessen og ønskjer å forhalde seg til nominasjonskomiteen.

Foto: Trond Vestre / NRK

– Nominasjonskomiteen har starta arbeidet sitt. Eg vil ikkje lage noko spekulasjonar og vel å forhalde meg til nominasjonskomiteen. Dette er ein betryggande måte å gjennomføre nominasjonsprosessen på, seier Iversen.

– Både du og Molvær Grimstad er menn og sunnmøringar. Dermed står vel de i direkte konkurranse om den same topplasseringa på lista om du vel å stille?

– Dette blir slike vurderingar som nominasjonskomiteen og nominasjonsmøtet skal ta, seier Iversen. Han vil ikkje kritisere Molvær Grimstad for å gå offensivt ut. Alle står fritt til å gjere som dei vil, seier han.

– Drøymer om topplassering

Victoria Smenes

Victoria Smenes er ein av to ungdomsrepresentantar.

Foto: Roar Halten / NRK

KrFU i Møre og Romsdal har vedteke å støtte to ungdomskandidatar på lista. Simon Molvær Grimstad er den eine. Fylkesleiar Victoria Smenes er den andre. Det er ikkje kjent om KrFU har vedteke noka prioritering mellom dei to ungdomskandidatane.

– Draumen er å kome høgt på lista. Eg er éin av to ungdomskandidatar. No er det opp til nominasjonsmøtet 3. desember å avgjere korleis lista skal sjå ut, seier Victoria Smenes.

– Prioriterer lokalpolitikken

Tore Johan Øvstebø

Tore Johan Øvstebø seier han ønskjer å prioritere lokalpolitikken i Ålesund.

Foto: KrF

Tore Johan Øvstebø er varaordførar i Ålesund og fylkesleiar i KrF. Som fylkesleiar er det naturleg at Øvstebø kan bli konfrontert med spørsmålet om ein plass på lista. Også han avventar prosessen i nominasjonskomiteen.

– I utgangspunktet prioriterer eg lokalpolitikken. Det må vere eit klart ønskje frå nominasjonskomiteen om eg skulle endre på det, seier Øvstebø til NRK.

Øvstebø er førebels ikkje spurt om å stå på lista. Som varaordførar i Ålesund har han hendene fulle og vil ikkje gå ut med noko krav om å stå på lista. Heller ikkje han vil kritisere Simon Molvær Grimstad for å ha gått for hardt ut.

Simon Molvær Grimstad er ein ambisiøs ung mann. Eg er sikker på at KrF kjem til å ha mykje glede av han i åra framover, seier Øvstebø.

NRK har også vore i kontakt med varaordførar i Herøy, Camilla Storøy. Før førre stortingsval utfordra ho førsteplassen på KrF-lista. I dag seier ho at ho ikkje har særlege ambisjonar om noka topplassering på stortingsvallista til KrF i Møre og Romsdal.