NRK Meny
Normal

KrF vil ha statlege ferjer

Kristeleg Folkeparti ønskjer store endringar i ferjedrifta her i landet. Staten bør eige ferjene og leige dei ut til reiarlag som skal drifte dei, meiner partiet.

Kristeleg Folkeparti vil endre ferjedrifta

– Det bør bli store endringar i ferjedrifta her i landet, meiner frå venstre Steinar Reiten, gruppeleiar i fylkestinget for KrF, Hans Fredrik Grøvlan som sit i Transportkomiteen for partiet, og Knut Støbakk, medlem i samferdsleutvalet i Møre og Romsdal.

Foto: Arild Iversen

Kristeleg Folkeparti likar ikkje måten ferjedrifta skjer på i dag. Difor vil dei no setje fram forslag overfor Stortinget om ny organisering av ferjedrifta.

Planane blei presentert på eit møte i Molde i dag.

Staten som eigar

Forslaget går i korte trekk ut på at Staten skal ta over ferjene og eige dei. Så skal interesserte reiarlag konkurrere om å få drifte ferjene gjennom anbodsrundar.

– Staten bør både eige ferjene og vere den som tingar nye fartøy. Ei fornying av ferjeflåten er sårt tiltrengt, seier Steinar Reiten gruppeleiar i fylkestinget for KrF i Møre og Romsdal.

I dag er det fylkeskommunen som har ansvaret for både drifta av ferjene og for flåten. Ferjedrifta har gitt fylkeskommunen økonomiske utfordringar fordi den krev store midlar.

Steinar Reiten

Steinar Reiten ivrar sterkt for partiet sitt forslag til omorganisering av ferjedrifta.

Foto: Trond Vestre / NRK

Fylkespartiet til KrF har i fleire år forfekta eit statleg eigarskap, men har ikkje nådd fram med forslaget sitt. No tek ein av dei mest sentrale politikarane til partiet tak i saka.

– I første omgang ønskjer vi å prøve systemet ut på riksvegsambanda. Og i neste omgang kan endringane bli overførte også til fylkesvegstrekningane, seier Stortingsrepresentant Hans Fredrik Grøvan.

Han representerer KrF i Transport- og kommunikasjonskomiteen og er den som skal ta saka inn for Stortinget.

Vil gi arbeid

Paritet vonar å få politisk gehør for ideen om omorganisering av ferjedrifta, mellom anna fordi den maritime næringa treng oppdrag.

– Gjennom ei slik omlegging kan staten setje miljøkrav og kontrahere ferjer som anten blir elektrisk drivne eller som er hybrid-ferjer, seier Grøvan.

Partiet meiner cluet for Møre og Romsdal vil ligge i at skipsverfta får ordrar på bygging av nye, statlege fartøy. Det vil igjen gi store ringverknader også for skipsdesignmiljøa i fylket.

Offshore på banen?

Når drifta blir konkurranseutsett, vil det også drype på lokale reiarlag, ifølge teoriane til KrF.

– No er det få, men store reiarlag som har anboda på ferjedrifta. Vi er uroa over at vi nærmar oss ein monopolsituasjon, og det kan vi unngå gjennom forslaget vårt, seier Steinar Reiten.

Ferger på Moldefjorden

Får KrF det slik dei vil, kan det bli staten som i framtida eig ferjeflåten, medan reiarlaga leier og driftar ferjene.

Foto: Gunnar Sandvik/NRK

Partiet ønskjer å utvide spekteret av tilbydarar på driftssida, og vil opne for at også offshorereiarlag kan vere med på anboda om å drifte dei statlege ferjene.

– Innan offshore har dei høgkompetente fagfolk. Med den vanskelege situasjonen mange reiarlag no har, skulle ei omorganisering av drifta, vere eit kjærkome tilskot, meiner Reiten.

Hans Fredrik Grøvan kjem til å fremje forslaget for Stortinget på vegner av partiet i løpet av våren.