Hopp til innhold

Politikarar er «lei seg» etter at dei blir tatt med buksene nede: – Dette er krokodilletårer

Politikarar som vegrar seg for å beklage det dei har gjort, får no klar beskjed om å spare tårene sine. – Det at ein politikar er lei seg er totalt irrelevant, seier etikkprofessor.

Kjell Ingolf Ropstad

Partileiar Kjell Ingolf Ropstad er gjentekne gongar sitert på at han «er lei seg» etter at han fekk pendlarleiligheit i hovudstaden. Han får kritikk for at han ikkje i staden beklagar det han har gjort gale.

Foto: NRK / NRK

Det er fleire politikarar som har hatt tunge dagar i det siste. Ein etter ein har forklart at «dei er lei seg» etter å ha blitt tatt med buksene nede.

Men dei som har venta på ei orsaking frå politikarane, har venta forgjeves.

– Eg er lei meg for denne saka. Vi som politikarar forvaltar innbyggarane si tillit, og då skal vi gjere ting på ein skikkeleg måte. Så eg forstår at folk reagerer på dette, sa KrF-leiar Kjell Ingolf Ropstad nyleg til NRK.

Også stortingskandidat Anne Berit Figenschau (H) forklarte nyleg at ho «var lei seg», Christian Tybring-Gjedde skal ifølgje TV 2 «ha blitt lei seg» medan Ap-politikar Tellef Inge Mørland sa at han «tok det svært tungt.»

No får dei kritikk for måten dei ordlegg seg på.

90x50_forside_visitkort_kengurufoto

Kjell Ingolf Ropstad heime hos foreldra sine, Gunda og Bjørn Ropstad, i 2019. Då var han barne- og familieminister og hadde adresse hos dei.

Foto: Tor Erik Schrøder / NTB scanpix

Ber om meir enn tårer

Kjell Terje Ringdal, som er førstelektor i retorikk på Høyskolen Kristiania, har merka seg språkbruken.

– Tårer er lite interessant politisk og tillitsmessig. Eg vil høyre tale, ikkje sjå tårer, seier Ringdal.

Han meiner politikarane bør gjere greie for kvifor dei har handla slik dei har gjort, i staden for å snakke om kjenslene sine.

– Det er eit «pudding-argument», for å seie det på godt norsk. Det er ein appell til skattebetalarane si kjensle, av typen «det er ikkje enkelt å vere meg», seier Ringdal.

kjell terje ringdal

Retorikk-ekspert Kjell Terje Ringdal seier han ikkje er interessert i tårene til politikarar. Han vil ha klar tale.

Foto: Morten Holm / Scanpix

Omtalar det som «krokodilletårer»

Paul Leer-Salvesen, som er forfattar og professor i teologi og etikk, har skrive fleire bøker om skuld og tilgjeving.

– Det at ein politikar er lei seg er totalt irrelevant. Er det noko som er krokodilletårer i mine øyre, så er det dette, seier han.

Leer-Salvesen seier det er opplagt at politikarane er lei seg når dei har gjort noko gale. Men at det er vanskeleg å vite om dei er lei seg for det dei har gjort, eller for at det har blitt oppdaga.

Paul Leer Salvesen

Professor og forfattar Paul Leer-Salvesen har skrive fleire bøker om skuld og tilgjeving. Han kallar det «krokodilletårer» når politikarane seier dei «er lei seg».

Foto: Hans Erik Weiby / NRK

Ber dei trøyste kvarandre

Også i kommentarfelta får politikarane kritikk. Nyleg la NRK ut ein Facebook-post om blemma til stortingskandidat Anne Berit Figenschau (H). Det førte til kok ved tastatura.

– Er hun lei seg, hun også? Kanskje hun og Ropstad kan trøste hverandre, skriv ei.

– Det er da svært så populært ordene «lei seg» har blitt på tinget da. Mer som en farsott, skriv ei anna.

Kommentarfelt under Facebook-post
Foto: Skjermdump Facebook

Språket endrar seg

Hjalmar Eiksund ved Institutt for språk og litteratur ved Høgskulen i Volda undrar seg over om språkbruken kan vere eit forsøkt på å unngå klisjear.

Hjalmar Eiksund

Hjalmar Eiksund ved Høgskulen i Volda trur kanskje politikarane prøvar å finne andre måtar å uttrykke anger, når dei seier at dei «er lei seg».

Foto: Høgskulen i Volda

– Når eit omgrep har blitt brukt for mange gongar, til dømes når alle «legg seg flate» eller «ber om orsaking» kan bodskapen bli borte. Det blir berre ein frase som nærast er forventa. Då må ein finne andre måtar å uttrykke seg på som kan virke meir ektefølt, seier han.

– Men er det like bra å seie at ein «er lei seg» når ein har gjort noko gale?

– Det må jo vere opp til den som høyrer det. Det er effekten som er interessant, dersom folk trur på det, så vil dei kanskje synest det er greitt, seier han.

Ber dei om å ordne opp

Paul Leer-Salvesen meiner det ikkje er for seint for politikarane å beklage det som har skjedd, og seier at dei då kanskje vil oppleve å møte større forståing.

– Generelt sit det langt inne å erkjenne skuld, det veit vi, og det å gjere det offentleg sit nok ekstra langt inne, ein blir liten og taper ansikt. Men det er forferdeleg dumt, for det er ei rausheit i det norske folk som er større enn ein trur, seier han.

KrF-leiar Kjell Inge Ropstad er kjent med saka, men ønskjer ikkje å kommentere ordvalet sitt. Det gjer heller ikkje Tellef Inge Mørland (Ap) eller Christian Tybring-Gjedde (Frp).

Anne Berit Figenschau (H) skriv i ein e-post at ho er samd i at hennar kjensler er underordna. Ho skriv vidare at ho ikkje har noko problem med å seie at ho beklagar, og at det var intensjonen med sitatet «jeg er lei meg».