Hopp til innhold

Krevjande svingingar for Vestbase

Ekstra store svingingar i aktiviteten gjer det krevjande å planlegge arbeidet på oljeservicebasen Vestbase i Kristiansund i år, fortel administrerande direktør Alf Dahl.

Alf Dahl

Administrerande direktør Alf Dahl seier Vestbase er inne i ein utfordrande periode.

Foto: Anne-Mari Flatset / NRK

I sommar blir det meir å gjere på Vestbase i samband med leiteboringar i Norskehavet, men til hausten går det bratt ned att. Slike svingingar er utfordrande, seier administrerande direktør Alf Dahl.

– Vi opplever ein gradvis aukande aktivitet i sommar, men aktiviteten blir redusert utover hausten. Dermed må vi prøve å fordele ressursane deretter og det er litt krevjande.

Har unngått oppseiingar

Så langt har ikkje Alf Dahl vore nøydd til å seie opp folk på Vestbase.

– Permitteringar vil vere det første verkemiddelet som blir vurdert, men så langt ser vi ikkje det som noko tema.

Seinare på året, når aktiviteten avtar, kan det likevel bli ein realitet. Dahl understrekar at det er viktig for han å heile tida orientere dei tilsette om situasjonen og ha ein god kommunikasjon.

Vestbase - Kristiansund

Vestbase i Kristiansund er ein av mange selskap som opplever utryggleik i lys av oljekrisa.

Foto: Ivar Lid Riise / NRK

Satsar på oljefunn

Håpet er at det blir gjort funn no i sommar, når ein skal leite etter olje blant anna på Haltenbanken.

Fleire oljeselskap skal inn med borekampanjar i løpet av sommaren og tidleg haust

– Denne sommaren blir ekstra spanande for oss, utan tvil. Dette er eit område der det er stort sannsyn for funn, seier Dahl.