Krevjande sløkkingsarbeid i Sykkylven

Eit bustadhus i Sykkylven vart raskt overtent og brann ned til grunnen natt til onsdag.

Brann i bustadhus i Sykkylven

I ellevetida onsdag byrja det å brenne i eit bustadhus i Sykkylven. Huset vart raskt overtent og stod ikkje til å redde.

Foto: Stian Sve

Det var like etter klokka elleve at det byrja å brenne i eit bustadhus i Sykkylven. Alle naudetatane rykket ut til staden og var raskt på plass. Likevel stod huset ikkje til å redde.

– Det vart raskt overtenning i huset og det tok brannvesenet ei ganske god stund før dei fekk kontroll over og sløkt brannen, seier Kenneth Sætre, operasjonsleiar ved Sunnmøre politidistrikt til NRK onsdag morgon.

Han fortel at sløkkingsarbeidet var krevjande.

– Det var ikkje fare for at brannen skulle spreie seg, men det var ein krevjande brann for brannvesenet. Det var ein del utfordringar i forhold til elnettet som måtte koplast ifrå, seier Sætre.

I totida natt til onsdag hadde brannvesenet kontroll på brannen og heldt på med ettersløkking.

Ingen vart skadd

Personane som budde i huset kom seg raskt ut og vart ikkje skadd i brannen. Bebuarane vart sjekka av helsepersonell på staden, og helsetilstanden skulle vere grei.

– Vi vil truleg prate med bebuarane i huset i løpet av onsdagen, seier operasjonsleiaren.

Sætre fortel at det er for tidleg å seie noko om brannårsaka, og at dei vil gjere undersøkingar på branntomta så snart som råd.

– Vi vil starte med etterforskinga med ein gang det er trygt å ta seg inn på branntomta. Det kan naturleg nok ta litt tid, seier han.

Siste video/lyd

Dei tre siste åra har meir enn 450 alvorleg psykisk sjuke kome seg inn i arbeidslivet.
Dette skjer etter eit aktivt samarbeid mellom NAV og helsevesenet.
Ein ny forskingsrapport viser at pasientane blir friskare av å jobbe.
Ein rakett er kanskje det som skal til for å gjere skuleelevar interesserte i naturfag. 
Elevar på Gjermundnes i Vestnes har utvikla ein rakett som skal få barn og unge til å bli i fyr og flamme.
Nokre som er glade i å boltre seg på kjøkenet er elevane ved Borgund vidaregåande i Ålesund. Dei elskar å bake - og å smake.