Krevjande marknad for Olympic

Olympic Subsea i Herøy melder om krevjande marknaden i 2018. Resultatet før skatt blei 158 millionar kroner i minus, men driftsresultatet før avskrivingar og nedskrivingar var på 44 millionar i pluss. Hovudeigar Stig Remøy skriv i ei pressemelding at selskapet ligg før skjema mot 2021 på drifta, og det er dei godt nøgde med, spesielt sidan marknadssituasjonen framleis er krevjande.