Krev utskifting av sjukehusleiinga

Stortingsrepresentant Sylvi Listhaug (Frp) meiner heile leiinga i Helse Møre og Romsdal må bli skifta ut. Det skriv Sunnmørsposten (krev innlogging). Listhaug meiner kuttforslaga til administrasjonen i Helse Møre og Romsdal er skivebom, og ho meiner det er ubegripeleg at leiinga kan halde fram når dei ikkje klarer å få orden på økonomien.

Sylvi Listhaug
Foto: Jørn Tveter / NRK