Hopp til innhold

Krev tvangssal av eit hurtigruteskip

Ålesund Havnevesen krev tvangssal av eit hurtigruteskip for å få dekt hamneavgifta som ikkje er betalt. – Ei overdriving, meiner Hurtigruten.

Trollfjord Hurtigruten

1. januar innførte Hurtigruten betalingsnekt for opphald ved fleire norske hamner.

Foto: Ivar Lid Riise / NRK

Tor-geir Engebretsen

Tor-Geir Engebretsen meiner at Ålesund Havn skaper meir konflikt.

Foto: LarsAndersen.no / Lars Aake Andersen

Hurtigruten ASA nektar å betale hamneavgift før dei får svar på kva pengane blir brukt til. Dei siste åra har denne avgifta gått opp med nærare 25 prosent. Maritim direktør i Hurtigruten, Tor-Geir Engebretsen, meiner at Ålesund Havn bidreg til auka konflikt.

– Vi har teke imot eit krav om tvangssal av eit skip, og det er i samanheng med diskusjonen om hamneavgifta. Eg meiner at dette er ei unødvendig eskalering av saka, seier Engebretsen.

Han seier at kommunane ikkje følger hamnelova og at dei i lang tid har blitt overfakturert av hamnevesenet. Dei ber om å få innsyn i rekneskapen for å få betre oversikt.

– Vi har betalt for mykje og vi vil ha tilbake dei pengane.

I eit brev til hamnene, skriv Hurtigruten at dei ikkje vil betale desse avgiftene. Samtidig som Hurtigruten nektar å betale så krev selskapet å få tilbake anløpsavgifta for dei tre siste åra. Hurtigruten vil ha eigne avtaler med fleire norske hamner.

– Vi har ikkje lagt opp til konflikt

1. januar innførte Hurtigruten betalingsnekt for opphald ved fleire norske hamner. No har konflikten toppa seg. Hamnefogd i Ålesund, Birger Flem, seier at Hurtigruten ikkje har ein sakleg grunn til å halde tilbake betalinga.

– Betalingsfristen på 21 dagar har gått ut for lenge sidan. Vi har ikkje lagt opp til konflikt i denne saka. Det får stå for Hurtigrutens rekning at dei meiner at dette er ei eskalering av konflikten, seier Flem.

Flem legg til at det ikkje er tvil om at Hurtigruten vil få tilbake det dei eventuelt har kravd for mykje.

– Men det er ingen grunn til å nekte å betale, seier han.

Desse hamnene krev Hurtigruten avtaler med:

Hurtigruteanløp 2014