NRK Meny
Normal

Krev svar på 12 spørsmål om barneavdelinga i Kristiansund

Helse Møre og Romsdal må svare inngåande på korleis dei vil ta vare på dei yngste pasientane sine i Kristiansund framover. Bakgrunnen er fleire uromeldingar rett før barnedødsfallet i februar.

Fylkeslegen i Møre og Romsdal krev at Helse Møre og Romsdal svarar på 12 spørsmål knytta til drifta av barneavdelinga i Kristiansund. Bakgrunnen er at Fylkeslegen fekk fleire urosmeldingar frå Nordmøre i dagane før eit barnedødsfall i Kristiansund.

SJÅ TV-SAKA: Helse Møre og Romsdal må svare inngåande på korleis dei vil ta vare på dei yngste pasientane sine i Kristiansund framover.

I eit brev frå Fylkeslegen blir det lista opp 12 konkrete spørsmålsstillingar som Helse Møre og Romsdal no må svare utfyllande på. Helseføretaket må mellom anna svare på kor mange som skal vere på vakt i helgane.

Fylkeslege Christian Bjelke vil ikkje svare på om det er nokon samanheng mellom dødsfallet til den ti månader gamle babyen og helgestenginga.

Christian Bjelke

Fylkeslege Christian Bjelke vil ikkje kommentere kva som er kome fram til no.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Vi har ingen kommentar. Dette er ei sak som helsetilsynet greinar ut, og dei svara får vi når utgreiinga er klar, seier han.

Kva har kome fram i undersøkingane så langt?

Det kan eg ikkje kommentere, seier han.

Les også:

Mange spørsmål

Helseføretaket må også svare på kva for pasientgrupper barneavdelinga vil handtere, og kven som framleis skal flyttast til Ålesund sjukehus i helgane. Det blir også spurt konkret kor mange overflyttingar helseføretaket ser for seg.

Fleire av spørsmåla er relaterte til pressemeldinga som helseføretaket sende ut i etterkant av barnedødsfallet, der det mellom anna kom fram at ambulansekapasiteten no er styrkt og det er sett inn fagpersonell frå Molde, ved behov, skal hjelpe til ved overflytting. Helsetilsynet vil ha svar på korleis ambulansekapasiteten konkret er styrkt, og kva for personell som er sett inn.

Tilsynsbesøk dei siste dagane

Bakgrunnen for brevet er tilsynsbesøket dei siste dagane. Årsaka til tilsynet var barnedødsfallet i Kristiansund helga 21.–22. februar. No vil fylkeslegen vurdere helseføretaket si organisering etter dødsfallet, då det blei bestemt å delvis opne den helgestengde avdelinga.

I tillegg vil helsetilsynet vurdere organiseringa i forkant av dødsfallet, og også sjå det opp mot lovverket, for å sjå om helseføretaket har brote lova.

Fleire uromeldingar

I brevet kjem det også fram at Fylkesmannen fekk fleire uromeldingar om den helgestengde barneavdelinga i vekene før barnedødsfallet. 29. januar sende Pasient- og brukarombodet brev. Dei neste dagane kom det også uromeldingar frå to enkeltpersonar og e-post frå advokat Edvard Eide. Helsetilsynet fekk også kopi av brev frå Barneombodet.

Torsdag 19. februar, rett før helga då babyen i Kristiansund døydde, kom det også ei omfattande uromelding frå tilsette og tillitsvalde ved sjukehuset i Kristiansund.

Trass i uromeldingane vurderte Fylkesmannen at det ikkje var grunnlag for å opprette separate tilsynssaker, men presiserte at dei fortløpande ville vurdere situasjonen.

Administrerande direktør i Helse Møre og Romsdal, Dag Hårstad, ønsker ikkje å kommentere lista med spørsmål som dei har fått av Fylkeslegen.

– Viktig kartlegging

Allereie før det tragiske dødsfallet fekk Fylkeslegen fleire uromeldingar om drifta ved barneavdelinga. Legen som først slo alarm meiner at det no blir lagt opp til ein svært grundig behandling av saka.

– Eg er veldig fornøgd. Det ser ut som Fylkeslegen har tatt saka på alvor og ønskjer å ha ei brei kartlegging. Eg har stor tru på at dette kjem til nytte for barn og familiar i Møre og Romsdal, seier Anna Owczarz, tillitsvald for barnelegane i Kristiansund.