Akvaforsk på Sunndalsøra blir stilt i bakleksa i følgje Kristeleg Folkeparti. Fiskeriforsking i Tromsø og Landbrukshøgskolen på Ås er vinnarane.
Forsking på fiskefôr
I desse dagar arbeider regjeringa med ei utgreiing om det som har fått namnet den blå-grøne matalliansen. Dette er mellom anna forsking på fiskefôr. Målet er å kunne dyrke fram fiskefôr på land, ikkje berre mat som er framstilt industrielt.
– Akvaforsk utelate
Svein Atle Roseth
Svein Atle Roseth, som er fylkesvaraordførar og gruppeleiar for Kristeleg Folkeparti i fylkestinget, meiner regjeringa har utelate Akvaforsk frå dette arbeidet og krev at denne forskinga også må skje på Sunndalsøra.
Roseth ventar at regjeringa vil tilgodesjå Akvaforsk på Sunndalsøra med fleire forskarårsverk.