Krev rassikring i Norddal
Ordførar Arne Sandnes krev rassikring på fylkesveg 650 ved Linge i Norddal etter at fem bygder blei isolerte torsdag formiddag. Ifølgje geologane er det ikkje fleire lause steinar i fjellsida no, men dei kan ikkje utelukke nye ras.