Hopp til innhold

Krev politimeisteren til Ålesund

Styret for Åknes/Tafjord beredskap krev at politimeisteren skal ha sete i Ålesund. Blir det ikkje slik, krev dei møte med landets øvste leiing.

Frank Sve

Styreleiar Frank Sve i Åknes/Tafjord beredskap vil ikkje svare på om ein politimeister på Nordmøre vil kunne klare å handtere eit ras frå Åkneset.

Foto: Trond Vestre / NRK

Styret for Åknes/Tafjord beredskap, som overvakar fleire av dei mest rasutsette fjellområda i landet, krev no at politimeisteren i Møre og Romsdal blir plassert i Ålesund.

Noko anna er heilt utenkjeleg, seier styreleiar Frank Sve.

Les også:

Sterke krefter i sving

Politidirektoratet har tidlegare peika på Ålesund som det klaraste valet, men sterke krefter arbeider for Kristiansund. Fylkesordførar Jon Aasen er ein av dei som klart har sagt at politimeisteren bør sitje på Nordmøre, mellom anna for å sikre statlege arbeidsplassar.

Sve meiner argumentet ikkje held mål.

– Absolutt ikkje. Her snakkar vi om polititenestene i fylket, og for vårt område er nærvær av politimeisteren svært viktig. Det å hoppe bukk over det, kan vi ikkje finne oss i, seier han.

Les også:

Vil ikkje ha politimeisteren til Kristiansund

Tysdag vedtok styret i Åknes/Tafjord beredskap ein høyringsuttale, der det klart kjem fram at å plassere politimeisteren i Kristiansund, er heilt uaktuelt.

Det er heilt meiningslaust å byggje ned det systemet vi har brukt årevis på å byggje opp rundt politimeisteren i Ålesund, slår Sve fast.

Han vil ikkje svare på spørsmålet om han ikkje trur ein politimeister på Nordmøre vil klare å handtere eit fjellskred.

Mange tusen menneske i riskoområdet

Åknes/Tafjord beredskap overvakar nokre av dei mest rasutsette områda i landet. Ved Åkneset i Storfjorden er meir enn 54 million kubikkmeter fjell i rørsle, og mange tusen menneske i fleire kommunar er i risikoområdet.

I høyringsuttalen heiter det mellom anna at politimeisteren i Ålesund har ei heilt sentral rolle, dersom Åkneset skulle rase ut.

«Politimeisteren i Ålesund har frå dag ein i 2003, vore bærebjelken for å kunne skape tryggheit ikring Åknesproblematikken, og «eig» ansvaret i det øyeblikket fjellskredet begynner å akselerere», heiter det i uttalen.

Krev møte med landets øvste leiing

Dersom politidirektoratet skulle bestemme seg for å plassere politimeisteren i Kristiansund, varslar styret i Åknes/Tafjord beredskap at dei kjem til å krevje møte med kriseteamet til statsministeren, justisministeren og andre i landets øvste leiing.

– Vi forventar at det systemet vi har bygd opp blir tatt godt vare på. Dersom det blir endra, vil vi vite korleis dei tenkjer det, seier han.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL