Krev pengar til Freifjordtunnelen

Næringsselskapet Kom vekst skriv i eit brev til samferdselsministeren at Freifjordtunnelen må få pengar til nytt kvelv snarast.

Freifjordtunnelen
Foto: Kjell Herskedal / Scanpix

Sjøvatn dryp frå taket i Freifjordtunnelen slik at vegbana blir våt og bilane tek skade. - Lekkasjen er ikkje trafikkfarleg, men fleire som elles ville brukt tunnelen, let det vere fordi det er så utriveleg å køyre der. Dette kan vi ikkje leve med, seier Pål Farstad, dagleg leiar i Kristiansund og omegn vekst.

- Anbodspapira frå Vegvesenet er ferdige, no manglar det berre å få finansieringa på plass, seier Farstad. Han viser til at nytt kvelv i Freifjordtunnelen står på lista over tiltak som skal setjast i verk. 
- Arbeidet med å setje i stand Ålesundstunnelane startar med det første, og Freifjordtunnelen bør ha like høg prioritet, seier han.