NRK Meny
Normal

Krev nynorsk på Ørsta-ferje

ØRSTA (NRK): Skilt på bokmål i nynorskens vogge, det kan ein ikkje stå inne for, meiner ordførar i Ørsta, Stein Aam (Sp).

Stein Aam

VIKTIG: Ordførar i Ørsta, Stein Aam (Sp), meiner vegvesenet må skjerpe seg. Han meiner det er viktig at informasjonsskilt i nynorskkommunen er på nynorsk.

Foto: Mattias Rolighed Bergset / NRK

Aam inspiserer ferja og finn skilt på bokmål over alt. Han meiner det ville vore lett å skrive om skilta til nynorsk.

– Det er forståeleg, men det må ei språkvasking til for å gjere det betre, sett med nynorsk-auge, seier Aam.

Plakat på ferje

FLEIRE FEIL: Det er ikkje berre målforma som er feil på plakaten som heng inne på toalettet.

Foto: Mattias Rolighed Bergset / NRK

Ifølge lova har ordføraren rett. I nynorskkommunar skal staten bruke nynorsk. Så når staten er ansvarleg for ferjene, må ferjene i nynorskkommunar også informere på nynorsk.

– Eg forstår at dette blir oppfatta som flisespikkeri for dei som bruker bokmål, men for oss i Møre og Romsdal er dette viktig å vere bevisst på, poengterer han.

Ordføraren har prøvd å bidra til bevisstgjering, og ber vegvesenet om å skjerpe seg. I eit ope brev i Sunnmørsposten skriv Aam at han ikkje ønsker bortforklaringar frå vegvesenet.

Stein Aam

RADIO: Ordføraren jaktar på ferjeskilt og SideBrok-vokalisten omset rap-tekst frå nynorsk til bokmål. Høyr reportasjen frå Ukeslutt her.

Open for nynorsk

Knut Nauste i Statens vegvesen Møre og Romsdal

IKKJE FOKUS: Knut Nauste arbeider med ferjer i Statens vegvesen. Han trur ikkje målform på skiltinga har blitt vurdert.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Knut Nauste i vegvesenet forklarer at det truleg ikkje har vore tenkt på målform når skilta blei laga.

– Det har rett og slett ikkje vore fokus på, antar eg. Ein har tenkt at informasjonen skal vere på norsk og engelsk, og valt bokmål for dei norske skilta, seier Nauste.

– Dersom dette ikkje er i tråd med språklova, så skal vi finne ut av det, legg han til.

– Må fungere som kvardagsspråk

Om vi ikkje skal ha nynorsk på ferjene på vestlandet, kor i alle dager skal vi då ha nynorsk?

Runar Gudnason

Runar Gudnason er mest kjent frå gruppa SideBrok. Han har vore rappar sidan 90-talet, og har levd av å bruke språket sitt.

Han har aldri vore ein forkjempar for nynorsk, men blir oppgitt når han ser bokmålsskilt på ferja.

– Det er lett å latterliggjere ei sak om at ein ikkje har nynorsk på ferjene, men det er viktig. Nynorsk må fungere som eit kvardagsspråk. Dei som veks opp må sjå at nynorsk blir brukt.

Runar Gudnason

OPPGITT: Runar Gudnason, kjent frå SideBrok, har lenge laga musikk på nynorsk. Han meiner det er på sin plass å bruke nynorsk på ferjene.

Foto: Mattias Rolighed Bergset / NRK

Ikkje alle er einig

Ordføraren har ikkje heile kommunen i ryggen. På det lokale kjøpesenteret møter NRK folk som meiner det er uviktig.

«Har ikkje han viktigare ting å gjere enn det?» spør ei kvinne.

– Kjemp heller for viktigare ting enn denne krigen mellom bokmål og nynorsk, legg ho til.

Ordførar Aam meiner det er viktig nok til å kjempe for. Viktig nok til at vegvesenet bør bruke pengar på å bytte skilta.

– For meg, Ørsta kommune og oss i regionen er ei slik sak viktig. Her skal det vere skilting på nynorsk.

Statens vegvesen er kanskje på gli, men enn så lenge må folk finne seg i at informasjon blir gitt på bokmål.

NB! Ferja som reportasjen er laga frå går på FV655, som fylkeskommunen har ansvaret for. Statens vegvesen har ansvar for ferjene på riksvegane, som f.eks. Volda–Folkestad. Den og andre riksvegferjer har også fått klager på manglande bokmål.

Skilt på ferje

LETT Å BYTTE: På ferja mellom Leknes og Sæbø er det klistra på ein lapp med informasjon på bokmål. Slikt vil ordføraren i Ørsta ha slutt på.

Foto: Mattias Rolighed Bergset / NRK