Fakta
LYD OG VIDEO
Hjelp | Mer lyd og video
ALT OM:
- HØYR: Jan Petter Hammerø og ein provosert Harald Tom Nesvik. Reporter: Øyvind Johan Heggstad.
- Sjukehusa MR
- Romsdal
- Sunnmøre
Dermed ligg den an til ein skikkelig fogderistrid om kvar Helse Midt-Noreg skal bruke pengane sine når utbyggingane ved St.Olavs hospital i Trondheim er over.
Hammerø er ikkje i tvil om at no skal Molde prioriterast og at Helse Sunnmøre bør finne pengar til barneavdeling i Ålesund innanfor eigne rammer. Men både barneavdeling i Ålesund, nytt psykiatribygg i Trondheim og nytt sjukehus i Molde må kjempe om dei same investeringsmidlane som Helse Midt-Noreg har til disposisjon.
Ny barneavdeling Ålesund må vente, meiner Molde-ordføraren. (Illustrasjon: CF Møller Norge)
I så fall meiner Hammerø at barneavdelinga i Ålesund må vente, og at sjukehus i Molde må prioriterast.
Provosert Nesvik
Utsagnet fra Hammerø provoserer leiar i sosialkomiteen på Stortinget, Harald Tom Nesvik (Frp).
Prosjekta er ikkje samanliknbare, seier Nesvik som meiner ein no heller bør spele på lag enn å yppe til strid internt i Møre og Romsdal.
– Øydelegg
Harald Tom Nesvik (Foto: NRK)
I Ålesund ligg planane klare. Lokalisering er bestemt, prisen blir 160 millionar kroner. I Molde har ein heller ikkje bestemt seg for kvar sjukehuset skal ligge.
– I staden for å rette fokus på at det er behov for begge deler så klarer no ordføraren i Molde å prøve å øydelegge heile opplegget, og det er sterkt bekymringsfullt, seier Nesvik.