Hopp til innhold

Krev meir rettferdige oppreisningsordningar

Bustadadresse kan avgjere kven som får oppreisning eller ikkje etter ulike overgrep. Stiftelsen Rettferd for taperne ynskjer ein gjennomgang av ordningane.

Video Sanatoriebarn får kun erstatning i Sogn og Fjordane

I Møre og Romsdal fekk mange tuberkulosesjuke behandling ved Reknes sanatorium i Molde. I etterkant har det blitt innført ei oppreisningsordning for barna som blant anna vart lagt i reimar.

Foto: Nyhetsspiller

NRK har fortalt at det er store forskjellar i oppreisningsordningar for barn som vart behandla for tuberkulose og utsett for omsorgssvikt på 40–50 og 60-talet.

Synnøve Holte frå Volda var ei av dei vart innlagt på Reknes sanatorium i Molde som sjuåring. I etterkant av dei vonde opplevingane har ho søkt Møre og Romsdal fylkeskommune om oppreisning. Holte reagerer på at satsane i hennar heimfylke er mykje lågare enn for pasientar frå Sogn og Fjordane, som var innlagt på same sjukehus. Det finst ingen nasjonal ordning for denne gruppa.

– Det er om lag 1/3 av kommunane som ikkje har ei oppreisningsordning. Det kan vere at to personar som har opplevd det same, ikkje får lik behandling på grunn av kommunegrensa, seier generalsekretær Tor Bernhard Slaathaug i Stiftelsen Rettferd for taperne. Stiftinga har gjennom 25 år assistert over 3000 personar med å få oppreisning.

Tor Bernhard Slaathaug, Generalsekretær i Stiftelsen Rettferd for Taperne

Tor Bernhard Slaathaug er generalsekretær i Stiftelsen Rettferd for Taperne.

Foto: Stiftelsen Rettferd for Taperne

Vil ha ein gjennomgang

Det er fleire grupper som ikkje som er omfatta av oppreisningsordningane, og stiftinga ynskjer ein gjennomgang av kommunale, fylkeskommunale og statlege oppreisningsordningar, for at dei skal bli meir rettferdige.

– Til dømes er enkelte av sanatoriebarna ikkje omfatta av oppreisningsordningane, det er heller ikkje tyskarjentene, seier Slaathaug

Han meiner det er avgjerande for fleire grupper å kunne bli innlemma i ei slik ordning, slik at det offentlege tar ansvar for det som skjedde og offera føler at dei vert trudd med historiene sine.

LES OGSÅ:

Frivillig for kommunane

Helge Eide, direktør for interessepolitikk i KS, seier at det er ein opplagt grunn til at det er store forskjellar på oppreisningsordenane rundt om i landet.

– Kommunane har ikkje eit juridisk ansvar. Dette er eit moralsk ansvar som kommunane sjølve tar ansvar for. Ordningane kjem på plass etter lokale initiativ og ynskjer, seier Eide.

Over 80 prosent av kommunane har oppreisningsordningar for tidlegare barneheimsbarn. Eide seier det er opp til kommunane sjølve om dei vil opprette eigne oppreisingsordningar for andre grupper, slik som det har blitt gjort i Møre og Romsdal. Der har sanatoriebarna ei eiga ordning.

Helge Eide

Helge Eide er direktør for interessepolitikk i KS. Han seier at grunnen til at det er store forskjellar i landet er at kommunane ikkje er jurisisk ansvarleg til å gi oppreisning.

Foto: Kathrine Mørkved / NRK

Staten kan gi oppreisning

I mai bestemte Stortinget at det skal gjerast ein gjennomgang av dei statlege oppreisningsordningane for at folk som har opplevd grov mobbing skal kunne søke om erstatning. Dersom det offentlege har opptredd kritikkverdig, kan ein søkje staten om økonomisk oppreisning og få rettferdsvederlag.

– Når ein først går gjennom ordninga, er det naturleg å sjå på andre grupper også, ikkje berre mobbing, seier Slaathaug.