Hopp til innhold

Krev meir nynorsk

Kyrkja blir skulda for å drive språkleg diskriminering. Papira som er sende ut til kyrkjevalet er stort sett på bokmål.

Ja til nynorsk
Foto: Scanpix / SCANPIX

Leiaren i likestillingsutvalet i Møre og Romsdal, Reidun Klock Tjervåg, seier ho er provosert:

- Eg synes dette er lite respektfullt ovenfor ein stor del av medlemmene i Den norske kyrkja, seier ho.

Krav om nynorsk

Reidun Klock Tjervåg

Reidun Klock Tjervåg i likestillingsutvalet i Møre og Romsdal.

Foto: Møre og Romsdal Fylke

Bakgrunnen er at valmaterialet som er sendt ut i samband med kyrkjevalet seinare i haust, hovudsakleg er på bokmål. I desse dagar ligg det i postkasser over heile landet, men berre nokre få setningar er på nynorsk. Også i offisielle nynorskkommunnar.

- Det råkar mange. Vi har krav om offentlege dokument skal ligge føre både på bokmål og nynorsk, seier ho.

- Dårleg tid

Kyrkjerådet har sendt ut valmateriellet. Avdelingsdirektør Ole Inge Bekkelund har gjort så godt dei kunne:

- For oss var det uråd å få til meir omsetjing. Vi har oversett det viktigaste til nynorsk, seier Bekkelund. Han meiner løyvingane og dei endelege vedtaka frå regjeringa kom så seint at dei ikkje hadde tid til å arbeide meir med papira.

- Ideelt sett skulle vi oversett mykje meir, men når vi ser på tida vi har hatt til rådevelde, meiner vi dette er greit, seier han.


SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL