Hopp til innhold

Krev fotoboksar i Eiksundtunnelen

Fart var del av årsaka til ulukka i Eiksundtunnelen. No krev ordførarane i kommunene rundt Eiksundsambandet fotoboks i tunnelen.

Minnestund etter dødsulykka i Eiksundtunnelen.

MINNES DEI OMKOMNE: Mange var samla for å heidre dei omkomne måndag kveld.

Foto: Gunnar Wiik

- Etter å ha hatt kontakt med ulukkesgruppa til Biltilsynet ser det nok ut til at fart får større merksemd enn tidlegare, seier lensmann i Hareid og Ulstein, Odd Kulø.

- Det er ikkje sikkert fart er einaste årsak, men me vil nok vie den større merksemd, fortel han. Og det er fleire faktorar som gjer at fart ser ut til at fart kan vere ei av årsakene.

- Det er spesielt spor på staden. Det gjeld friksjon, spor i vegbanen, korleis bilane ser ut. Trass i at den eine er utbrent gir den sine svar, trur eg. Me må vidare byggje på det som etter kvart kjem frå ulukkesgruppa.

- Må unngå slike ulukker

Gudny Fagerhol etter dødsulykka i Eiksundtunnelen

VIL HA FOTOBOKS: Ørsta-ordførar Gudny Fagerhol går no i spissen for å få fotoboksar i verdas djupaste tunnel.

Foto: Ingrid Vestre Haram / NRK

Kommunene rundt Eiksundsambandet, med ordførar i Ørsta Gudny Fagerhol, har tatt til orde for fartsdempande tiltak i tunellen.

- Det går ikkje an å berre setje seg ned og tenke at "dette skulle ikkje skjedd, og dette skulle ikkje skjedd." Det har skjedd, men lat oss prøve å gjere alt for å unngå slike triste ulukker seinare, seier Gudny Fagerhol.

Då Eiksundsambandet vart bygd var Fagerhol på bana med det same forslaget for å halde farta gjennom sambandet nede. Den gongen fordi ho frykta akkurat det som no har skjedd. Fem menneskeliv vart søndag revne bort i ei tragisk bilulykke. No vil ho ha tiltak på plass før fleire liv går tapt.

- Testar fart i tunnelen

- Eg vil om kort tid ta initiativ, saman med fleire ordførarar i regionen, der me lagar eit skriv til Statens Vegvesen, og krev at det kjem fotoboks, seier Fagerhol.

Kortesje etter ulykka i Eiksundtunnelen

MINNEMARKERING: Politiet var med på ein kortesje gjennom Eiksundtunnelen måndag kveld, for å heidre dei omkomne.

Foto: Gunnar Wiik

Råkyøring på kveldstid er eit kjent problem i tunnelen, seier ordførar i Ulstein, Hannelore Måseide.

- Eg har blitt fortalt av andre at det fins eit fartsmiljø, og at ein har brukt tunnelen for å teste ut ganske høg fart, seier ho.

I følge politiet og Vegvesenet sine fartsmålarar er det mykje råkøyring i tunellen på kveld og nattestider, men dette er ikkje nok til å setje opp fartsdempande tiltak som fotobokser seier distriktsvegsjef på Sunnmøre, Ragnhild Vestre.

For lav snittfart

Ulykke Eiksundtunellen

RØYKLAGT: Røyken låg tett utanfor Eiksundtunnelen etter ulukka søndag kveld.

Foto: Åge André Breivik / NRK

- I ein tunnel bør det vere ei snittfart på 8-10 kilometer over lovleg fart før det blir vurdert. Og i denne tunnelen er snittfarta mellom 82-83 kilometer i timen. Det vil seie at det berre er 2-3 kilometer over det lovlege.

Lensmann Odd Kulø er ikkje sikker på om ei fotoboks vil ha ønska effekt, men ser behovet for tiltak for å endre haldningar rundt fart og bilkøyring.

- Det ser me. Me har ikkje sansen for rånemiljøet i politiet, og me har vore i kontakt med ungdomar, og forsøkt å demme opp for det. Då er haldningane eit tiltak, seier Kulø.