Hopp til innhold

Krev slutt på at skular får velje vekk homofile eller skilde lærarar

Fleire tar no til orde for å endre praksis slik at skular ikkje skal kunne velje vekk lærarar som er skilde eller lever i homofilt parforhold.

Ingvild Endestad

VIL HA ENDRING: Ingvild Endestad i organisasjonen Fri.

Foto: Pressebilde FRI

– Vi har vore bekymra for dette lenge, og har sidan 2018 prøvd å få ei avklaring frå Kunnskapsdepartementet og direktoratet om denne praksisen, seier leiar i organisasjonen Fri (Foreningen for kjønns- og seksualitetsmangfald), Ingvild Endestad.

– Forskjell på skule og kyrkje

Dei ber Kunnskapsdepartementet sjå på om skulane der tilsette må skrive under på verdidokument med strenge reglar for ekteskapet, bryt med opplæringslova.

Dei meiner det er spesielt problematisk at praksisen også gjeld private barneskular, ungdomsskular og vidaregåande skular.

Ingvild Endestad
Foto: Foreningen for kjønns- og seksualitetsmangfold

– Elevar har rett på eit trygt skulemiljø. Det finst rundskriv i opplæringslova der det står at ein har eit særleg ansvar for å beskytte sårbare elevar. Då kan vi ikkje forstå at lovverket kan brukast som ein blankofullmakt for å diskriminere både homofile, skilde og folk som tar abort for eksempel, seier Endestad.

– Men FRI er for mangfald, forstår de ikkje skule-eigarane sitt behov for å ha tilsette som lever etter deira verdiar?

– Det er der diskrimineringslova har eit unntak for nokre stillingar, men det skal vere der dei har ei særleg forkynnande rolle. Det har aldri vore meint at det unntaket skal brukast på alle stillingar. Det er ein stor skilnad på kva ei kyrkje eller andre institusjonar gjer, der det er frivillig å delta og der ein organiserer vaksne, og det som er skulekvardagen til barn og unge som ikkje nødvendigvis sjølv bestemmer kva skule dei skal gå på.

Ho understrekar at barn og unge har rett til eit inkluderande skulemiljø, og der gir opplæringslova ingen fritak.

– Det er ikkje lov å diskriminere i Noreg

– Lova seier klart og tydeleg at hovudregelen er at ein ikkje har lov til å diskriminere i Noreg, også når det kjem til seksuell legning, men der er nokre få klare unntak, seier statssekretær, Grunde Kreken Almeland (V) i Kunnskapsdepartementet.

Statssekretær i kunnskapsdepartementet, Grunde Kreken Almeland
Foto: NRK

Om Indremisjonsforbundet bryt lova med å velje og ikkje tilsette dei som bryt med verdigrunnlaget til forbundet, kan ikkje Almeland svare på.

– Vi har ei lov som generelt forbyr diskriminering, så det er opp til diskrimineringsnemnda eller rettsapparatet å avgjere kva som skjer i desse sakene, seier han.

Han er einig i at slike saker er i gråsona over kva som er lovleg, men at det ikkje er opp til han å vurdere om det er innanfor eller ikkje.

– Vi oppfordrar dei som opplever å bli diskriminert til å ta kontakt med likestillingsombodet, slik dei kan vurdere om det er innanfor lovverket eller ikkje, seier han.

Anette Trettebergstuen står i ei gate framfor eit vindu.

Anette Trettebergstuen (Ap)

Foto: Mimsy Møller

Anette Trettebergstuen (Ap) reagerer sterkt på saka, og meiner det er diskriminering. Ho vil no sende spørsmål til Kunnskapsminister Trine Skei Grande (V) for å få ei avklaring på om praksisen er innanfor lovverket.

– Det skal ikkje vere lov, og dersom det finst smotthol i lova som tillèt dette, så må dei tettast snarast. Her snakkar vi om ein skule. Ein undervisningsinstitusjon er ikkje eit trussamfunn. Dei kan ikkje diskriminere kven som blir tilsett eller får sparken basert på om dei skil seg, får barn utanfor ekteskapet eller kven dei elskar, seier ho.

– Sensitivt

Steinar Reiten er stortingsrepresentant for Møre og Romsdal frå KrF. Han meiner dette er krevjande spørsmål.

– Dette handlar ikkje om politikk, men om moral og etikk, oppfatninga om kva som er rett og gale. Då blir ting veldig sensitivt og kjensleladd, seier han.

Steinar Reiten

Steinar Reiten

Foto: Arne Flatin / NRK

– Det som er viktig for oss å understreke, er at i eit liberalt samfunn må det vere rom for ulike meiningar og synspunkt både på politikk og på moralske og etiske spørsmål. Det er eit tankekors at dei som ofte snakkar høgast om at samfunnet må vere mest mogleg liberalt er ofte i neste omgang dei som tar til orde for å hindre at alle kjem til orde og skal få ytre seg fritt utifrå eiga overtyding og samvit.

Han meiner det er ein trend i tida at det blir stadig vanskelegare å stå opp for meiningar som ikkje blir delt av fleirtalet.

– I KrF har vi alltid hatt ei tilnærming når det gjeld trussamfunn og religion at vi trekker oss tilbake. Vi går ikkje inn og har sterke meiningar når det gjeld moralske og etiske spørsmål i motsetning til andre parti. Vi meiner trussamfunn må kunne stå fritt til å ha synspunkt og meiningar basert på samvit og trusoppfatningar, utan at samfunnet skal legge ned forbod eller hindringar i vegen, seier han.

– Og dette gjeld også når det gjeld drift av skular som får statsstøtte og tilsetjingar der?

– Her er det ikkje snakk om å gjere noko ulovleg. Ifølge norsk lovverk er det lov for trussamfunn å kunne tilsetje utifrå slike kriterium, seier Steinar Reiten.

– Hadde ikkje fått jobb der

Frp-nestleiar Sylvi Listhaug er frå Sjøholt der Indremisjonsforbundet no skal starte ein folkehøgskule der lærarar og rektor må skrive under på eit verdidokument med strenge reglar for ekteskapet for å få jobb.

Sylvi Listhaug, Frp

Sylvi Listhaug, stortingsrepresentant (Frp)

Foto: Mari Aftret Mørtvedt / NRK

Folkehøgskulen har fått 4,2 millionar til drift i statsbudsjettet for 2020.

Indremisjonsforbundet har 30 skular, frå grunnskule til folkehøgskule og høgskule med same praksis.

– Eg synest det er uforståeleg at ein i år 2020 ikkje blir regna som kvalifisert til ein jobb fordi ein har fått barn utanfor ekteskap, er skild eller lever i eit homofilt parforhold, seier ho.

Listhaug er også utdanna lærar, men slår fast at ho likevel ikkje hadde vore kvalifisert med reglane verdidokumentet legg til grunn.

Dette vil diskvalifisere svært mange som elles kunne hatt mykje å bidra med i undervisninga. Eg ville heller ikkje hatt sjanse på jobb her.