Hopp til innhold

Krev ekstra ferje Hareid-Sulesund

Næringslivet på Søre Sunnmøre krev at det blir sett inn ei ekstra ferje i sambandet Hareid-Sulesund. I eit ope brev til mellom andre departementet og fylkeskommunen skriv ei rekkje næringslivsleiarar at det er uakseptabelt og uansvarleg å setje inn den snart 30 år gamle ferja MF "Ullensvang" i sambandet frå nyttår slik planen er. Dei hevdar dette bremsar næringslivet og all anna aktiviet i regionen.