Hopp til innhold

Krev betre sikring etter dødsulukke

Turistnæringa i Geiranger krev betre sikring av elva etter at ein mann fall uti og døydde. Det er berre eit tynt tau som hindrar folk frå å gå heilt ned til den farlege elvekanten.

Turistnæringa i Geiranger krev betre sikring av elva etter at ein mann i dag fall uti og døydde. Det er berre eit tynt tau som hindrar folk frå å gå heilt ned til den farlege elvekanten.

Dødsulukka i Geiranger torsdag har fått fleire til å heva røysta endå høgare for betre sperringar på farlege og godt besøkte turistpunkt.

Ei frådande elv har for andre dag på rad ført til ei alvorleg ulukke i Møre og Romsdal.

Onsdag velta to unge jenter i kano i Rauma. Den yngste av jentene ligg framleis på St. Olavs hospital i Trondheim, der tilstanden er alvorleg, men stabil.

I dag torsdag døydde ein 56 år gammal mann etter at han fall i elva nedanfor Hotell Union i Geiranger.

Frå huset som ligg ved elvebreidda høyrde eit vitne skrika frå dei i nærleiken.

Terje Drege Rusten

Terje Drege Rusten har sett mange turistar leike med livet frå terrassen sin i Geiranger.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

– Hylte og peikte

Terje Drege Rusten sprang ut på terrassen, der han såg 7-8 personar på berget.

– Dei hylte, og peikte ned mot fossen. Eg skjøna med ein gang at nokon hadde ramla uti, ja, seier han til NRK.

Han ser stadig farlege situasjonar frå kjøkenvindauget, der folk kryssar sperringane for å få gode bilde. Rusten har både sagt og tenkt at ei ulukke må til før noko skjer.

– Eg trur ikkje at turistane forstår at det kan vere så farleg, med dette sleipe berget og konsekvensen av å ramle uti.

Torsdag kom dødsulukka, der ein 56 år gammal mann fall i elva og blei dregen nedover i elva og ut i elvemunninga.

Geiranger 26/6-13

Den 56 år gamle mannen som torsdag ettermiddag omkom blei henta opp av sjøen ikkje langt frå elvemunniga.

Foto: www.geiranger.no

Markering og fareskilt

Staden der ulukka skjedde er merka med fareskilt. For steinberget er glatt, og elvestraumen er farleg. Der er òg eit tau som sperring.

Det er derimot ikkje nok til å stoppe ivrige turistar som vil fotografere det imponerande fossefallet i Geiranger. Nokre veit derimot at ein må passe seg.

– Eg har gått i alpane, og det er alltid farleg å vere nær elvebreidda. Det er ein grunn til at linja er der, seier Jaqueline Morbach.

Ho er turist i bygda, og nøyer seg med å ta bilde frå bak sperringane. Morbach var éin av mange turistar som i dag var litt ekstra merksame etter dødsulukka.

Saka held fram under bildet.

Sperring til farleg foss

Tau er einaste sperre i augneblinken. Det må gjerast noko med, meiner hotelldirektør Monja Mjelva.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK
Monja Mjelva

Monja Mjelva meiner noko må gjerast.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

– Må få opp betre stengsel

Dei som driv turistindustrien i Geiranger meiner no at noko må gjerast. Dødsulukka var nemleg den tredje alvorlege ulukka på staden. Kravet er meir enn tausperring.

– Heilt konkret meiner eg vi må få opp ein betre stengsel der ulukka skjedde, seier Monja Mjelva, hotelldirektør ved Union Hotell.

Kvifor betre sperre ikkje er oppe allereie forklarer ho slik:

– Nei, det er allmenn ferdsle der. Kven er grunneigar, og kven har ansvaret?, spør ho.

– Vi må stille oss spørsmålet i etterkant, for no har ulukke skjedd der ved fleire høve, og vi må ta tak i problemet. Noko må vi får gjort for å sikre plassen.

Geiranger ulukkesstad

På ulukkesstaden har fleire turistar tidlegare prøvd lukka og kryssa sperringane, kan lokalfolket fortelje.

Foto: MMS-tipsar