NRK Meny
Normal

– Dette er søppel og må fjernast

Naboar til dei gamle sildeoljetankane på Moltustranda i Herøy vil ha fjerna anlegget. Dei meiner det både er skjemmande og miljøfarleg.

Naboar vil ha fjerna gamle tankar på Moltu i Herøy.

Sjå TV-reportasjen.

Krev tankanlegg fjerna

Naboane Per-Ståle Moltu t.v. og Ove Kjetil Moltu vil ha fjerna det gamle tankanlegget for sildeolje.

Foto: Arne Flatin / NRK

Fire meter frå eigedomen til Ove Kjetil Moltu ruvar fire gamle, rustne tankar. Sildeoljefabrikken vart bygd på 50-talet og var i drift så seint som i 2009. Welcon har eigd anlegget i rundt ti år og opplyser til NRK at dei ønskjer å selje, men naboane har mista tolmodet. Dei meiner at tankane er farlege og skjemmer nabolaget.

– Tankane stettar ikkje dagens krav. Det er søppel, seier Moltu.

Selskapet Welcon eig tankane. Selskapet er no ein del av Pelagia som består av Norway Pelagic, Welcon og Egersund Fisk.

Øydelagt av rust

Moltu har utarbeidd ein rapport som seier at rust har øydelagt tankane, og at dei ikkje er så tjukke som dei skal vere etter norsk standard. Moltu hevdar at tankane heller ikkje er tilstrekkeleg tømde.

To av tankane har vore brukt til sildeolje. Dei to andre til brennolje og diesel. Han fryktar at dei to sistnemnde kan vere ei fare for miljøet.

Moltu meiner at tankane må rivast. Og at det einaste andre alternativet er å byggje nytt anlegg lenger vekk frå bustaden.

– Tankane er søppel, og difor er den beste og billigaste løysinga å rive dei, seier han.

Legg vekt på tryggleik

Jarl Martin Møller

Jarl Martin Møller, utviklingsleiar i Herøy kommune.

Foto: Arne Flatin / NRK
Linda Aaram - miljøverndirektør hos Fylkesmannen

Linda Aaram, miljøverndirektør hos Fylkesmannen, seier at det ikkje er heldig for naboane å ha anlegget ståande så nært.

Foto: Roar Strøm / NRK

Maritim og teknisk komite i Herøy kommune skal 25. mars behandle den biten av saka som handlar om det visuelle.

– Vi har lagt vekt på tryggleiken ved eigedomen og tankane. Vi ser spesielt på det visuelle, seier Jarl Martin Møller, som er utviklingsleiar i kommunen.

Men naboane meiner heile anlegget bør fjernast – det er ikkje nok berre å ordne den visuelle biten. Dei meiner Fylkesmannen ikkje har gjort jobben sin.

– Det er ansvarsfråskriving frå Fylkesmannen i miljøavdelinga si side, seier Moltu.

– Ingen forureiningsfare

Linda Aaram, konstituert miljøverndirektør hos Fylkesmannen, avviser at dei ikkje tek ansvar i saka. Ho meiner anlegget ikkje utgjer nokon stor forureiningsfare, men vil no gå gjennom alle liknande anlegg i fylket.

– Vi ser eit behov av ein gjennomgang av slike anlegg sidan det er ein del nedlagde industrianlegg i Møre og Romsdal. Det er ikkje heldig for nabomiljøet at tomme industrianlegg blir ståande, seier Aaram.

– Kva skjer viss anlegget blir selt?

– Viss Welcon sel anlegget, eller om det startar opp igjen sjølve, så krev vi at dei må søkje om nytt løyve. Dei må møte dei krava som er i dag, seier ho.