No krev rektor Åshild Støbakk at noko blir gjort med den livsfarlege vegen.
- Den store rasfaren som er der er ei belastning i dagleglivet både for foreldre, elevar og dei tilsette. Når vi får ein slik akutt situasjon som i dag, så føler vi ei veldig takksemd for at det ikkje har skjedd noko - at dette har skjedd på kveldstid og ingen er råka, seier Støbakk.
FAU Ved skulen har tatt opp saka fleire gongar før. Det har vore gjort rassikring på vegen, men der raset gjekk no gjenstår ein del, meiner Støbakk.
- Eg håper verkeleg at det blir sett fortgang i praktiske tiltak. Situasjonen bør endrast slik at vi slepp å opppleve liknande dagar som dette, seier Åshild Støbakk.