Hopp til innhold

Krev 300 millionar til E 39

Skal E 39 mellom Kristiansand og Trondheim bli ferjefri må det løyvast pengar til planlegging. Og pengane må kome no, krev NHO-sjef Torill Ytreberg.

Torill Ytreberg, regiondirektør NHO

Torill Ytreberg, NHO-sjef i Møre og Romsdal

Foto: Sara Lovise Roaldseth / NRK

Kravet får støtte frå fleire sentrale politikarar på Vestlandet. Det kom fram i NRK-debatten om E 39 i Førde i går.

– Det er heilt avgjerande for å kome vidare med prosjektet at det kjem på plass mellom 250 til 300 millionar kroner dei neste fire åra. Denne summen gjeld berre for Møre og Romsdal, så det snakk om mykje pengar, og det hastar, seier Ytreberg.

Navarsete: – Det blir jobba med!

Liv Signe Navarsete

Kommunalminister Liv Signe Navarsete (Sp)

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Under debatten sa Kommunalminister og Senterpartileiar Liv Signe Navarsete (Sp) at det blir jobba med å få det inn i budsjettet.

– Planleggingsmidlane må kome i budsjettet for 2014, men budsjettet er ikkje lagt enno. Eg håpar at vi skal få dei på plass, seier ho.

Planen om å ferjefri E 39 mellom Kristiansand og Trondheim kom i Nasjonal Transportplan som regjeringa la fram tidlegare i år. For å få til dette må det byggast bruer, tunnelar og nye vegar. Allereie i dag er det planlagd prosjekt for å gjere delar av vegen ferjefri, men nye prosjekt må på plass. Møre og Romsdal har fire ferjestrekningar som forsvinn om vegprosjektet kjem i hamn.

Heilt nødvendig

Else-May Botten

Else-May Botten, stortingsrepresentant (Ap)

Foto: Bjørn Ivar Voll / NRK

Else May Botten er førstekandidaten for Arbeidarpartiet i Møre og Romsdal. Ho er klar på at nye planleggingspengar må kome neste år.

- Pengane må på plass for å kome i gang med planlegginga av prosjekt som enno ikkje har ein plan. Det er viktig å kome i gang med dette så fort som mogleg, seier ho.