Hopp til innhold

Krev 16 millionar til rasovervaking

Styringsgruppa for Åknes/Tafjord prosjektet meiner staten årleg bør løyve 16 millionar kroner til rasovervakinga i området.

Åkernesremna
Foto: NRK

Det er eit beredskapssenter stasjonert på Stranda, som skal ha hovudansvaret for overvakinga av Åkerneset.

Senteret skal etter planen vere i drift frå oktober. Styringsgruppa for Åknes/Tafjord prosjektet sender no brev til regjeringa, med spørsmål om kor mykje pengar den vil bidra med til fjellskredovervakinga.

Bør dekke 80 prosent

Leiar i gruppa, Frank Sve, seier at det er rimeleg at staten betaler 80 prosent av drifta ved beredskapssenteret, det vil seie 16 millionar kroner årleg.

Styringsgruppa har søkt staten om 94 millionar kroner til fjellskredovervaking langs Storfjorden. Det er løyvd 64 millionar kroner.

Sve meiner det virkar som at innbyggarane langs Storfjorden ikkje blir verdsett like høgt som folk andre stader i landet.

Montering av måleutstyr i Åkernesremna

Montering av overvakingsutstyr ved Åkernesremna.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Bur på feil plass

- Når problema i Hanekleivtunnelen oppstod, blei det løyvd fleire hundre millionar kroner på eit blunk. 16 millionar årleg til rasovervaking her, er visst vanskeleg å finne, seier Sve.

Han meiner regjeringa snart må svare på om den vil vere med på eit spleiselag, eller ikkje.

- Eit beredskapssenter skal vi få på beina uansett, men det vil vere noko merkeleg om staten ikkje bidrar i ei slik sak. avsluttar Sve.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL