Hopp til innhold

Krenging ved Mongstad

Ein episode  ved Mongstad i vinter fekk ein del merksemd under Bourbon Dolphin-høyringa i dag.

Det er uklart om det er snakk om ein eller fleire episodar.  Dette skal granskingskommisjonen finne ut av, og tek kontakt med fleire vitne.

Uklart

Fleire vitne har forklart seg om ein episode som truleg skjedde i januar i år.  Bourbon Dolphin  assisterte ein rigg som låg like ved Mongstad.  Men det har kome ulike svar på kor mykje skipet krenga, kva som kunne vere årsaka, og kor lenge krenginga kunne vare.

Årsak ?

Matros Per Jan Vike forklarte at han i ettertid blei forklart at ein ventil sto open, og at krenginga kom som følgje av feil fylling av ballasttankane.  Lærlingen Thomas Arnesen opplevde også krenginga, men refererte til at ver og vind kunne ha forårsaka dette. Lærling Kim Brandal meinte imidlertid at det kunne ha noko med ein kjetting som hadde lagt seg skeivt å gjere.  Den opplysninga førte til at granskingskommisjonen no tek kontakt med fleire vitne, blant dei kapteinen på denne turen, Hugo Hansen.

 

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL