Kredittilsynet meiner at den modellen som ligg til grunn for banksamanslåinga, ikkje er i tråd med sparebanklova. Alternativet er at lova blir endra, seier Kredittilsynet.
Banksjef Finn Moe Stene i Tingvoll Sparebank godtek ikkje denne avgjerda. Han er usamd i at overtakinga er lovstridig. No vil han søkje hjelp hos Sparebankforeningen og dessutan ta kontakt med Finansdepartementet om saka.
Ei allmennyttig stifting
Tingvoll Sparebank har hatt gode resultat i fleire år, og hadde 85 millionar kroner i ryggen då det blei starta fusjonsforhandlingar med Sparebanken Møre.
Avtalen bankane kom fram til, gjekk ut på at Sparebanken Møre skulle ta over bankverksemda i Tingvoll og Gjemnes. Tingvoll Sparebank skulle ved samanslåinga omgjerast til ei stifting med ein grunnkapital på 120 millionar kroner i form av grunnfondsbevis i Sparebanken Møre.
Formålet til stiftinga skulle vere å fremje sparebankverksemd og bruke inntil 25 % av det årlege overskotet til å gje gåver til allmennyttige tiltak i lokalsamfunnet.
Det er denne modellen Kredittilsynet meiner ikkje kan godtakast.
Ved tidlegare fusjonar mellom sparebankar har lokalsamfunnet oftast ikkje fått ekstra kompensasjon når den lokale sparebanken har gått saman med ein større bank.
Sparebanken Møre var med i bodrunden om Romsdals Fellesbank i fjor, men tapte for Sparebank1 Midt-Norge.