Hopp til innhold

Kreditorar hevdar Aker blokkerte for Farstad

Fleire av kreditorane til Farstad Shipping hevdar det var Røkke-eigde Aker som blokkerte oppkjøpsavtalen med Siem.

Kjell Inge Røkke

Kreditorar hevdar Røkke og Aker blokkerte oppkjøpsavtalen med Siem.

Foto: Åserud, Lise / NTB scanpix

Det skriv Finansavisen.(krev betaling) I følge avisa brukte Aker selskapet Ocean Yield til å blokkere for løysinga som innebar at Siem overtok aksjemajoriteten i Farstad.

Dette selskapet bygde to ankerhandteringsfartøy som dei leigde ut til Farstad, og sjølv om begge no ligg i opplag må reiarlaget i Ålesund betale dagleige til Ocean Yield.

Atle Kigen

Atle Kigen i Aker avviser påstanden om at dei blokkerte avtalen mellom Farstad og Siem.

Foto: Andersen, Aleksander / Scanpix

Kontrakta går fram til 2025 og kosta Farstad 180 000 kroner i dagrater. Finansavisen skriv at Aker-selskapet skal ha avvist eit tilbod på 60 millionar kroner årleg for desse fartøya.

Då brotet mellom Farstad og Siem blei kjent avviste Aker-direktør Øyvind Erikssen overfor smp.no at det var dei hadde blokkert avtalen.

Også informasjonsdirektør Atle Kigen i Aker avviser påstanden, skriv Finansavisen.