Kravde utsetjing på tampen

Helseministeren blei møtt med krav om at saka blei utsett heilt fram til avgjerda var tatt. Bakgrunnen er bråket rundt prosessen dei siste vekene.

Pål Farstad

Stortingsrepresentant På Farstad frå Venstre meiner saka må utsetjast.

Foto: Terje Reite / NRK

Det er bråket rundt avgangen til tidleger direktør i Helse Møre og Romsdal, Astrid Eidsvik, og påstandar om innblanding frå statsråden, som har sett sinna i kok dei siste dagane.

Pål Farstad representerer Venstre og bur i Kristiansund. Til Politisk kvarter på P2 seier han at Høie bør vente med ei avgjerd.

– Ei avgjerd er avhengig av tillit, og med den uroa som har vore er det ikkje grunnlag for det no. Det har kome alvorlege skuldingar som bør bli gjennomgått før han bestemmer seg, seier Farstad.

Kor lenge meiner du saka bør utsetjast?

– Det som er viktig er at alt må på bordet. Og om det fører til at saka blir utset i to til tre månader, meiner eg det bør vere til å leve med.

Farstad understrekar at dette handlar om prosess, ikkje om sjølve plasseringa.

– Dette er ikkje eit forsøk på å kjøpe tid for eit spesielt standpunkt. Prosessen har ikkje vore god, og vi må avklare det dersom vi skal kunne gå vidare og skape samhald om arbeidet med sjukehuset, seier Farstad.

Sjukehusstriden: I dag blir det avgjort

– Håper på vedtak

Petter Bjørdal

Petter Bjørdal er nestleiar i styret i Helse Møre og Romdal.

Nestleiaren i styret i Helse Møre og Romsdal, Petter Bjørdal, er ikkje samd med Farstad. Han håper Høie held det han har lovd og fattar eit vedtak i føretaksmøtet i dag.

– Eg håper han gjer det. Eg meiner prosessen som har vore inntil den siste veka har vore god og at vi har hatt eit godt grunnlag for vår avgjerd i idefasrapporten.

Bjørdal seier dei som krev utsetjing bør lytte til det Astrid Eidsvik sa då ho gjekk av.

– Eidsvik bad om at prosessen gjekk vidare, sjølv om ho gjekk av. Det er det verd å lytte til, seier Bjørdal.

– Men er det ikkje sunt å undersøke skuldingane som har kome?

– Det hadde blitt støy om dette vedtaket nesten uansett. Det blei nok ekstra slik det blei, men grunnlaget er godt. Så får Kontrollkomiteen rydde opp i skuldingane i etterkant, seier Bjørdal.

Meiner statsråden har hatt lite tid

Bård Vegar Solhjell

Bård Vegard Solhjell bad Kontroll- og konstitusjonskomiteen stille spørsmål ved Høie si rolle i sjukehusstriden.

Foto: Poppe, Cornelius / NTB scanpix

Uavhengig av avgjerda må altså helseministeren svare på spørsmål frå Kontroll- og konstitusjonskomiteen på Stortinget. Bård Vegard Solhjell frå SV tok saka opp i komiteen, han vil likevel ikkje seie at statsråden må utsetje eit vedtak til han har svart på spørsmåla.

– Vi har ikkje lagt oss opp i om han skal ta avgjerda no eller ikkje, og det har eg ikkje noko meining om. Men han må vite at prosessen har vore i tråd med lova dersom han tar ei avgjerd i dag, seier Solhjell til NRK.

Han har også forståing for at mange ønskjer ei avklaring.

Det er forståeleg at folk i Møre og Romsdal vil kome seg vidare. Men det er også viktig å sjå at helseministeren ikkje har hatt mykje tid på seg i denne saka. Innstillinga frå styra kom for under eitt døgn sidan, seier Solhjell.

Siste video/lyd

Avisene bur seg på nok ei helg der folk ikkje får avisa si.
Tidens Krav i Kristiansund set inn ekstratiltak for å kunne å nå ut til alle med laurdagsavisa.
Arbeidsledigheten blant ingeniørene mer en doblet i Møre og Romsdal på ett år.
Skoleelever slår til med annerledes julekalender. Det handler ikke om å få, men å gi til de som trenger det.