Hopp til innhold

Krass kritikk av asylmottak

Utlendingsdirektoratet har mykje å utsette på måten Kysthus AS driv asylmottaka i Ørskog og i Molde. Eigaren risikerer å miste kontrakten med UDI, med mindre han legg fram ein skikkeleg plan for betring av buforholda.

Video nsps_upload_2009_4_22_20_23_10_3720.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Held ikkje mål

Kysthus stove

For dårleg standard meiner UDI.

Foto: Arild Pettersen / NRK

UDI meinar asylsøkjarane i Molde og i Ørskog bur for trongt og stiller blant anna krav om større felles opphaldsrom

Kysthus eig 10 000 kvadratmeter fordelt på 18 hus. Sju av husværa tener no som asylmottak for tilsaman 120 menneske. Dette er for liten plass for så mange, meiner UDI.

For dårleg standard

Staten har ein definisjon for standarden i asylmottak som seier det skal vere nøkternt, men forsvarleg. Desse krava er ikkje oppfylt meiner UDI.

Ola Sønderland er driftsoperatør for Kysthus. Han seier det ikkje er perfekt på asylmottaka og at mykje kan bli betre. No vil han legge fram ein plan med tanke på forbetringar.