NRK Meny

Krasja i ferjelemmen

Ullensvang hadde problem med å legge til kai ved Sulesund i halv 9-tida onsdag og krasja i ferjelemmen. Årsaka skal vere tekniske problem. Ferja måtte legge til to gangar før bilistane kunne køyre av. Det vart mindre skade både på ferjelemmen og ferja. Rute B er innstilt frå avgangen klokka 09.00 på grunn av tekniske problem.