Hopp til innhold

Blir ikkje samde om barnefordeling

60 prosent av skilte foreldre har i periodar høgt konfliktnivå. Det dei kranglar om er samvær med barna og om pengar.

Illustrasjon
Foto: Johannessen, Sara / SCANPIX

25 prosent av barna i Noreg bur saman med berre ein av foreldra. Undersøkingar viser at 60 prosent av skilte foreldre har eit høgt konfliktnivå. Frode Thuen er professor i psykologi ved Høgskolen i Bergen og har jobba mykje med barn og skilsmisser.

Les også: -Mor boikotter samværet

Pengar og ungar

Utroskap

Frode Thuen er professor ved Høgskolen i Bergen og har jobba mykje med barn og skilsmisser.

Foto: Arne Sørenes / NRK

– Partane kranglar om kvar barna skal vere og kven som skal betale kva. Kombinasjonen av to så viktige ting i livet, gjer at det kan vere vanskeleg å få til gode løysingar, fortel Thuen.

Barna vil ikkje ha kontakt

I nokre tilfelle vert konflikten heilt fastlåst.
– Det er utfordrande for barna når mor og far er i ein vedvarande konflikt. Mange gongar fører det til at barna ikkje vil til den forelderen dei ikkje bor hos, seier Thuen. Det er lett for at barna gjer konflikten til sin eigen og vert sint og fiendtleg innstilt ovanfor forelderen som ikkje har den daglege omsorga.

Mistrur kvarandre

Det typiske når konflikten er høg, er at foreldra ikkje har tillit til kvarandre og trur den andre parten vil stikke kjeppar i hjula. Thuen ser at mange gongar har ikkje dette rot i verkelegheita, medan andre gongar er det heilt reelt.

I retten

Stadig fleire barnefordelingssaker endar i retten. I fjor kom det inn 2690 barnefordelingssaker til norske domstolar, viser tal NRK har henta inn. Dette er 10 prosent fleire enn i 2009.
Thuen trur dette skuldast at terskelen for å gå til sak er lågare og at stadig fleire fedrar ynskjer delt omsorg.
– Mange kvinner har ikkje tatt innover seg at far vil vere like mykje saman med barna sine, seier Thuen.

Flest bur hos mor

Blant barna som berre bur saman med ein av foreldra, er det langt vanlegare å bu hos mor enn far.

Tal frå Statistisk sentralbyrå per januar 2011 viser at 21 prosent av barna bur hos mor, fire prosent hos far.

Ta tak før det er for seint


– Før konflikten mellom partane vert tilspissa, er det mogleg å snu dette. Det er viktig med eit hjelpeapparat rundt paret, seier Thuen. Han viser til at dei finst kurstilbod etter samlivsbrot. Blant anna har Modum bad utvikla programmet ”Fortsatt foreldre”.

Familievernkontora tilbyr mekling og ein kan gå rettens veg for å finne ei løysing. Barne,-ungdoms- og familieverndirektoratet er dessutan i gong med eit prosjekt som skal finne gode løysingar i familiar med store konfliktar.

-For barna sitt beste bør foreldra prøve å få til eit nokolunde fruktbart samarbeid, seier Thuen.