NRK Meny
Normal

Krangel om supporterkultur

Leiaren for MFK's supporterklubb, Tornekrattet, meiner AaFK's supporterklubb Stormen enno har mykje å lære.

Video SUPPORTERKULTUR

Har Molde betre supporterklultur enn AaFK ?

Tre minutt før ordinær tid, og seks-sju minutt før dommaren bles av kampen forlet mange av AaFK sine tilhengarar stadion. Molde hadde nettopp gått opp til 4-2 og slaget var tapt for sunnmørslaget. Dette skjedde like etter at Demar Phillips hadde redusert på straffespark for AaFK til 3-2.

Ole Gunnar Solskjær

Ole Gunnar Solskjær

Foto: Arne Flatin / NRK

I intervjusona etter kampen reagerte Molde-manager Ole Gunnar Solskjær på dette. Solskjær var godt fornøgd med sine eigne tilhengarar som hylla laget i 5-2-triumfen, men han la merke til at mange AaFK-tilhengarar forsvann.

- Det var meir eller mindre heilt tomt i sunnmørsssvingen, den oransje enden. Og det skal vere bra sikkert, om vi taper på bortebane, så vil eg at våre supporterar skal stå igjen og klappe for spelarane.

Og det var ikkje berre Solskjær som reagerte på at dei oransje forlet stadion. Leiaren for Tornekrattet, Eva-Brit Mauseth reagerte på det same.

Eva-Brit Mauseth

Eva-Brit Mauseth

Foto: Arne Flatin / NRK

- Aalesund og Stormen har ikkje den tradisjonen og fotballkulturen som Tornekrattet og byen Molde har. Der har du den vesentlege forskjelen på klubbane. Dei er unge i denne samanhengen, dei har litt å lære enno.

Mauseth seier at det ikkje var nokon frå Tornekrattet som forlet stadion rett etter at AaFK hadde vunne cupfinalen i 2009.

- Vi stod igjen og hylla spelarane våre då dei tusla inn i garderoben. Tornekrattet går aldri frå stadion.

– Kvifor er det så viktig å stå igjen i motgang ?

- Vi må bygge opp laget til neste kamp. Spelarane skal vite at dei har støtte hos oss, og at vi bryr oss i medgang og motgang. Det spelar inga rolle. Vi syng i 2x45 minutt, det er ikkje stille sjølv om det vert ei scoring eller to i mot, seier Mauseth.

Avviser påstandane

Leiaren for supporterklubben i AaFK, Tom Walderhaug, var ikkje tilgjengeleg for intervju då NRK tok kontakt måndag, men klubbdirektør Henrik Hoff i AaFK avviser påstandane frå Mauseth og Tornekrattet.

Henrik Hoff

Henrik Hoff

Foto: Arne Flatin / NRK

- Det har vel vist seg dei siste 10 åra at AaFK og Stormen har hatt ein supporterkultur som har gått langt utanpå det ho Eva-Brit Mauseth og gjengen hennar har stått for. Men all ære til dei for dei siste åra har dei teke seg verkeleg opp igjen, og det synest vi er kjekt.

Hoff meiner også at mange Molde-tilhengarar ikkje stod igjen då AaFK fekk kongepokalen i 2009.

-Vi hadde sjølvsagt ønska at supporterane stod igjen til kampslutt, men det vert litt spesielt opp i Molde. Ein ting er at ein er skuffa, men der er knapt med plassar på ferja også. Særleg avgangane rett etter kamp, så det har vel noko med det å gjere også.

- Vi ønsker for alle lag i landet at supporterane skal stå igjen anten det no er kampen som er ferdig eller prisutdelinga, som på cupfinalen i 2009 då det vart tomt på den eine sida av tribunen, seier Hoff.

NRK veit også at mange av AaFK-tilhengarane som gjekk før slutt hadde med seg små barn, og dermed ville unngå den verste trengselen på ferjekaia. Dei same kjeldene seier til NRK at dei sjølvsagt hadde stått igjen til slutt om AaFK hadde hatt sjanse til poeng.

Eva-Brit Mauseth understrekar poenget sitt på denne måten:

- Ein ser ikkje at 2-3 stikk før slutt men når hordene går ut gjennom to-tre utgangar på stadion så vert det veldig synleg, og då kan dei no igjen takke seg for den oransje fargen, for det viser veldig godt når noko oransje bevegar seg.