Kråker drap rugde

 

Rugde
Foto: Einar Welle

Einar Welle fortel denne historia:

Kona og sonen hans sat ved kjøkkenvindauget i Fjellgata i Ålesund. Der er det mange tre som det brukar vere mykje fuglar i. Denne dagen høyrde dei eit voldsomt spetakkel, og måtte undersøke kva som var på ferde. Det dei såg, var to kråker som gjekk kraftig til angrep på ein fugl med langt, spisst nebb. Så ille gjekk det at fuglen som var gjenstand for levenet deiste i bakken, død. No lurer dei på kva slags fugl dette er, og kvifor kråkene drap han.

Ornitolog Alv-Ottar Folkestad fortel at dette er ei rugde. Nebbet er knekt, så fuglen har truleg kollidert med eitt eller anna før kråkene angreip. Og det er truleg også grunnen til angrepet: at rugda var skadd. Her såg kråkene sjansen til eit lettvint måltid. Men det vart dei snytt for, sidan fuglen hamna i søppelkassa til familien Welle.