Urchi ... kva for noko, spør du kanskje?
Vel. Urchins er det engelske ordet for kråkebollar. Og «nomics» spelar på økonomi.
Kråkebollerogn er ei av verdas dyraste delikatesser.
– Den høgaste prisen vi har sett per kilo er 5000 euro, men det var veldig ekstremt, seier Brian Takeda.
Øydelegg tareskogen
Brian Takeda styrer Urchinomics Nordics AS frå heimekontoret i Ulsteinvik på Sunnmøre.
Foto: Nils-Atle Sundnes / NRKKråkebollar er rett nok ikkje berre ein delikatesse, som blir sett på som like attraktivt som russisk kaviar av mange. Dei enorme koloniane med kråkebollar øydelegg tareskogen.
Til dømes gjorde tsunamien i Japan i 2011 at tareskogen, smådyr og eit viktig biologisk mangfald var vekke, medan talet på kråkebollar vart sjudobla.
Det siste kunne ha vore ei god nyheit, hadde det ikkje vore for éi hake: Kråkebollane vart så mange at sjødyra ikkje makta å produsere den lekre og smakfulle rogna.
Men katastrofen i Japan førte også til at Brian Takeda, ein japanar busett i Ulstein på Sunnmøre, fekk ein smart idé:
Han ville starte med eksport av kråkebollar.
Kråkebollerogn.
Foto: Gunhild Sætre / NRKVisjonen er å snu ein miljøkatastrofe på havbotnen til ei økonomisk gullgruve. I samarbeid med NIVA – Norsk institutt for vassforsking – vil Brian Takeda vise at tareskogen kjem tilbake når kråkebollane forsvinn.
Kråkebollar frå Troms
Kråkebollane kjem frå Sandnessundet mellom Tromsø og Kvaløya.
I Troms har nemleg store delar av kysten vore invadert av kråkebollar som har gjort sjøbotnen til ein ørken.
No er det sett i gang eit forskingsprosjekt som skal vise kor raskt tareskogen kjem tilbake når kråkebollane blir fjerna.
Hartvig Christie i NIVA.
Foto: Marita Andersen / NRK– Kråkebollar vil vi helst ikkje ha for mange av. Då får vi tareskogen tilbake, så det blir ein vinn-vinn-situasjon, seier Hartvig Christie, forskar i NIVA og ekspert på tang og tare.
Frå Troms blir kråkebollane sendt vidare til testanlegget i Langevåg utanfor Ålesund, der dei skal fôrast opp.
– Etter ein månad med fôring er kråkebollane fulle av rogn, men det beste resultatet kjem truleg etter 10–12 veker, fortel Frida Thyri Segafredo, biolog i Cflow.
Arbeidet med dette foret har halde på i over 20 år. Det er første gong nokon har klart å produsere slikt kråkebollefôr for kommersielt bruk, ifølgje Phil James frå det norske matforskingsinstituttet Nofima, som samarbeider med Takeda.
Frida Thyri Segafredo i Langevåg på Sunnmøre, der anlegget til Cflow er mellombels stasjonert. Tanken er at fiskarar eller andre kan lage anlegg der kråkebollar i tusental har øydelagt havet.
Foto: Remi Sagen / NRKVil ha fleire anlegg
Planen er å etablere fleire slike landbaserte anlegg både i Norge og andre stader i verda med same problem.
– Spørsmålet er om vi klarer å gjere det på ein økonomisk berekraftig måte, seier gründer Brian Takeda.
For han vil gjerne lage ein modell som viser at eit lønnsamt selskap også kan bidra til miljøet og samfunnet.
15 forskarar er i gang med å dokumentere at ideane til Brian Takeda held vatn, bokstavleg tala.
Til neste år er det meininga at den norske produksjonen kjem i gang for fullt og eksporterast til kundar i både Europa, Canada og USA.
Kråkebollefangst i Sandnessundet mellom Tromsø og Kvaløya. Dette er ein av stadene langs Norskekysten der kråkebollane har fått overtaket og har utrydda andre vekstar.
Foto: Gunhild Sætre / NRK