NRK Meny

Kraftselskap førebur seg på storm

Også kraftselskapa førebur seg på storm. Gerhard Eidså i Istad Kraft seier dei førebur både folk og mannskap med tanke på å kunne rykke ut i helga dersom det skulle bli behov. Han seier dei vurderer situasjonen fortløpande ut over ettermiddagen.