Hopp til innhold

Kraftlina Ørskog - Sogndal

  • Hastar med meir kraft til kysten

    Leiar av Energiregion Møre, Bengt Endreseth, seier bygginga av kraftlina mellom Sogndal og Ørskog, skulle vore vidareført ut til kysten av fylket. Det hastar no med å få ny kraft ut til kysten av særleg Nordmøre og Romsdal, seier Endreseth. Statkraft har varsla at dei skal legge fram løysing på ny krafttilførsel til våren.

    Bengt Endreseth
    Foto: Per Vidar Kjølmoen/Møre og Romsdal fylkeskommune
  • Fire hus må fråflyttast

    Statnett vil betale erstatning for fire hus på Høydalsneset i Volda på grunn av isnedfall frå ei stor kraftlinje. I følge Sunnmørsposten har det falle ned isklumpar frå ei høgd på 270 meter. No får huseigarane tilbod om innløysing av bustadene, som ligg under kraftlinja som går mellom Ørskog og Sogndal. I følge kommunikasjonssjef i Statnett, Martha Hagerup er avtalen om erstatning enno ikkje er i hamn.

    Martha Hagerup Nilson
    Foto: Steinar Lote / NRK
  • Prisen stig kraftig

    Den nye kraftlina mellom Ørskog og Fardal i Sogn kjem til å koste fire gonger meir enn Statnett opphaveleg hadde tenkt, skriv Teknisk Ukeblad. Planane for prosjektet tok til i 2006 - for å gi Midt-Noreg betre kraftforsyning.
    Då var prislappen 1, 4 milliardar. Når kraftlina står ferdig mot slutten av 2016 - vil prislappen vere 5,5 milliardar. Forklaringa er at prosjektet har vakse undervegs, seier konserndirektør Elisabeth Vike Vardheim. Mellom anna er det bygd seks transformatorstasjonar på strekninga, i staden for ein.

    Kraftlinja Fardal - Ørskog
    Foto: Borgar Sagbakken / NRK
  • Borten Moe gir kommunen skulda

    Kommunestyret i Bremanger må ta mykje av skulda for den lanvarige krangelen om kvar Ørskog Fardal-kraftlina skal gå, seier tidlegare olje- og energiminister Ola Borten Moe. Etter ei rettsavgjerd er arbeidet med kraftlina stoppa.