NRK Meny
Normal

Kraftig snøvêr ramma Møre og Romsdal

Mange vakna til store mengder snø måndag morgon. Brøytemannskap jobbar på spreng for å rydde vegane. Fleire stader i Møre og Romsdal har fått over 40 cm nysnø.

Snøkaos Ålesund

SNØKAOS: Stort snøfall skapte til dels vanskelege køyretilhøve i Ålesund.

Foto: Pål Kristian Lindseth / NRK

Både skrape, kost og spade måtte fram hos fleire i morgontimane på grunn av snøen som har falle natt til måndag. Dei 40 cm med snø overraska også meteorologane.

– I våre prognosar forventa vi stort sett opphaldsvêr i dag, men med spreidde snøbyer, men eg har forstått det har kome meir enn som så, seier meteorolog Geir Ottar Fagerli til NRK.

Laster Twitter-innhold

Store lokale forskjellar

Sunnmøre og delar av Romsdal får snøbyer først på dagen, og det er forventa at det skal halde fram ei stund til.

Det er store lokale forskjellar i Møre og Romsdal, og på Nordmøre er det ei heilt anna verd, ifølgje meteorologen.

– Ja, der er det tørt og fint vêr for det meste, men det skal kome nokre byer på kysten. I indre strøk av Romsdal og av Sunnmøre er det langt mindre snø enn det er på kysten.

Kraftig snøfall på Sunnmøre

BRØYTEJOBB: På mange vegar ligg det mellom 30-40 cm nysnø og ventar på brøytebilen.

Foto: Terje Reite / NRK

I kveld vil snøfallet minke på Sunnmøre, men då det kan godt vere at det går nokre byger på kysten av Nordmøre.

– Våre prognosar seier at det skal vere fleire minusgrader, men i og med det er snø, så er det nok ein del mildare enn som så. Det kjem nok til å ligge på rundt 0 grader resten av dagen også.

– Det dumpar ned store mengder på kort tid

Årsaka til snøvêret er eit seigt og slapt lågtrykk utanfor Stad, som ligg veldig i ro, og slike lågtrykk er vanskeleg for meteorologane å få tak på.

– Det er litt frustrerande. Vi er betre på dei store lågtrykka som dekkjer større område. Når det er slike små lågtrykk som ligg langs kysten kan det dumpe ned ganske store mengde på kort tid på eit avgrensa område, forklarer Geir Ottar Fagerli.