Nedgangen er på sju prosent samanlikna med 2002, og det er den største nedgangen som nokon gong er registrert.
Marknadssjef Roger Giske seier at mildt ver, høge straumprisar i fjor vinter og ei bevisstgjering om straumsparing, er årsakene.
Normalt har straumforbruket stige med 3-4 prosent kvart år dei siste 15 åra. Unntaket er 1996, då det var lite straum i Noreg.
Når ein nå får ein nedgang på sju prosent, viser dette ein klar haldningsendring blant forbrukarane, og det kan og slå positivt ut på prisane, fortel Giske.