Siste video/lyd

Først i sendinga om hovudverneombodet i Norske Shell som varsla om kritikkverdige forhold.
Engasjementet til Runar Kjørsvik frå Fræna endte med at han fekk sparken.
I kveld får han ein pris for kampen mot urett i arbeidslivet.
Familiar som har barn med funksjonshemming og kronisk sjukdom opplever det ofte vanskeleg å få den hjelpa dei har krav på.
Dei som strevar med dette får no tilbod om kurs.
Folk i Valldal vil kjempe for å få si eiga cruisehamn. 
Forkjemparane meiner dette kan bli eit godt og miljøvennleg alternativ til Geiranger.