Hopp til innhold

Kraftig nedbør medførte enorme flaumskadar

Menneskeskapte klimaendringar kan ha skyld i dei enorme skadane ved Storelva i Barstadvika. No ber grunneigar og ordførar i Ørsta storsamfunnet om hjelp til å sikre elva for framtidige flaumar.

flom Barstadvika

Den store nedbørsmengda har skapa store øydeleggingar ved elva i Barstadvika. Bruer er knuste og stein har rasa nedover elva.

Foto: Remi Sagen / NRK

CO₂ i atmosfæren
424,6 ppm
1,5-gradersmålet
+1,12 °C
Les mer  om klima

I Ørsta på Sunnmøre er det fleire store skader etter flaumen i førre veke. Storelva i Barstadvika steig fleire meter, og bruer og steinfyllingar vart flytta langt innover elvebreidda.

– Området er øydelagt og fleire hundre sauer er isolert fram i fjellet. Det er umogleg å krysse brua, så det er vanskeleg å få oversikt over skadeomfanget, seier ein fortvilt grunneigar, Idar Barstad.

Sist gong området vart råka av flaum, var i 1980. Grunneigaren fortel om ei gnagande uro då dei store nedbørsmengdene igjen etterlot seg store skader.

– Eg høyrde godt den djupe basslyden av store steinar som vart knust mot kvarandre. Det er ein lyd ein sjeldan høyrer og det var rett og slett skummelt.

flom barstadvika

Ordførar Stein Aam (t.v.) seier han aldri har sett liknande øydeleggingar. Grunneigar, Idar Barstad (t.h.) fryktar at også hus kan gå tapt i framtidige flaumar.

Foto: Remi Sagen / NRK

Kan skyldast menneskeskapte klimaendringar

Barstadvika flom

Politiet har sperra av området og tysdag kjem NVE for å vurdere tilstanden ved elva i Barstadvika.

Foto: Remi Sagen / NRK

Barstad er i tillegg til å vere grunneigar, utdanna meteorolog og forskar. Han fryktar at store verdiar har gått tapt i flaumen, men at det kan gå verre i framtida på grunn av menneskeskapte klimaendringar.

– Vi veit heilt klart at dette vil skje igjen. Menneskeskapte klimaendringar aukar sjansen for at slike ting skjer, då både nedbørsmengda og hyppigheita for regn aukar, seier Barstad.

Barstad fryktar at også hus vert vaska vekk i framtidige flaumar.

Ingen kan hugse sist flaumvatnet gjekk så høgt. Andre stadar i Ørsta kommune fekk også omfattande skader etter den store nedbørsmengda. Ordføraren i Ørsta er sjokkert.

– Det er heilt ekstremt å sjå det som har skjedd. Det må ha vore enorme nedbørsmengder her, for eg har ikkje oppleve liknande, seier Ørstaordførar, Stein Aam.

Ber om hjelp frå storsamfunnet

Flom Barstadvik

Det kraftige regnvêret skapa store øydeleggingar, og både grunneigarar og ordføraren i Ørsta ber no storsamfunnet om hjelp.

Foto: Remi Sagen / NRK

Både ordføraren og grunneigaren etterlyser hjelp frå sentrale politikarar til å rydde opp og sikre elva.

– For at dette ikkje skal skje igjen må elva sikrast betre, men vi grunneigarar har ikkje økonomisk berekraft til å rydde opp i dette. Vi satsar no sterkt på at storsamfunnet vil hjelpe oss, seier Barstad.

Ordføraren er klar på at dette er verken fylket eller kommunen sitt ansvar.

– Eg vil vere ein døropnar på vegne av bygda og folket. Vi må nå inn til storsamfunnet, og vi må ha hjelp frå NVE, stortinget og regjeringa til å rydde opp i dette, seier Aam.

Alle skader vert meldt inn til politiet, og tysdag kjem Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) på synfaring.

– Då får vi sjå kva dei har å melde når dei ser dei enorme skadane som er kome, seier Aam.

flom barstadvik

Den store elva er fylt igjen av store steinar.

Foto: Remi Sagen / NRK