Hopp til innhold

Politiet skal starte etterforsking av låvebrann i Molde

Politiet evakuerte naboar rundt ein brennande låve i Molde kommune på grunn av fare for eksplosjon. Brannmannskap jobba ut over natta med ettersløkking og nedkjøling av gassflasker.

Brann i Osen i Molde kommune.

Låven i Osen i Molde er totalskadd i brannen natt til måndag.

Foto: Roar Strøm / NRK

Bygget brann ned til grunnen, og måndag opplyser innsatsleiar Kjersti Vestavik til NRK at det framleis er for varmt i branntomta til at mannskap kan gå inn i den.

Kjersti Vestavik, innsatsleder Molde Politistasjon

Innsatsleiar Kjersti Vestavik i politiet i Molde

Foto: Roar Strøm / NRK

Politiet skal no starte avhøyr av folk i området som kan ha opplysingar om kva som kan ha skjedd. Vestavik seier at politiet i samråd med brannvesenet etter kvart må vurdere når det blir mogeleg også med undersøkingar inne i branntomta.

– Kriminalteknikarar skal inn på branntomta når den er heilt avkjølt, seier ho.

Måtte evakuere folk i nærområdet

Natt til måndag jobba brannmannskap med ettersløkking.

I fleire timar sette brannvesenet ei sikkerheitssone på 1000 meter frå brannen. På det meste var rundt 20 husstandar evakuert. Sikkerheitssona blei natt til måndag redusert til 300 meter.

Brann i låve i Molde kommune.

Kraftig brann i låve i Osen i Molde

Foto: Raymond Brunvold

Det skal mellom anna ha vorte lagra fleire bubilar, campingvogner og flasker med propan- og acetylengass der. Utover natta og morgontimane dreiv dei framleis med nedkjøling av gassflaskene.

– Utfordringa var å få påført nok vatn på brannstaden. Løysinga vart å etablere ei pumpe i Oselva, også måtte tankbilar køyre skytteltrafikk gjennom natta, seier Steinar Flusund i brannvesenet.

Låven ligg i Osen, inst i Fannefjorden, i Molde kommune.

Var fare for eksplosjon

Då NRK snakka med politiet rundt klokka 23:00 kunne han fortelje at det framleis var fare for eksplosjon, og at brannvesenet var i gang med å prøve å slå ned flammane.

Ole Wulvik, innsatsleder i politiet Molde

INNSATSLEIAR: Ole Wulvik er innsatsleiar for politiet på staden.

Foto: Trine Jørgensen Aandahl / NRK

– Dei typar gassflasker det er snakk om her, acetylen og oksygen, må ifølgje brannvesenet kjølast ned i minimum 24 timar, så det vil bli ein lang innsats, sa dåverande innsatsleiar for politiet, Ole Wulvik

Men i løpet av natta vart dei kjølt ned så dei fekk kontroll på staden.

Rundt klokka 23.30 var framleis tre husstandar evakuerte, men i løpet av natta fekk alle lov til å flytte heim igjen.

I huset som er nærmast brannen var det ein hund igjen åleine, som dei ikkje fekk henta ut på grunn av eksplosjonsfaren.

Brannvesenet rykte ut med åtte bilar frå fleire stasjonar i området. Politiet kalla inn forsterkningar frå mellom anna nabobyen Kristiansund.

Brann i låve i Molde kommune.

Kraftig brann i låve i Osen i Molde

Foto: Raymond Brunvold

Evakuerte fekk flytte heim att

Ein av naboane som måtte evakuere er Laila Bøe. Ho omtalar flammane som svært store.

– Ein blir no litt i sjokk når det plutseleg er full fyr og flamme med naboen, seier Bøe.

Søndag kveld sat ho i bilen utanfor sperringane saman med hunden Grim.

8D98F869-AE7F-4423-9E5A-B2F55029AFE0

EVAKUERT: Laila Bøe og hunden Grim er blant naboane som måtte evakuere.

Foto: Trine Jørgensen Aandahl / NRK

I løpet av natta fekk alle dei evakuerte i nabohusa flytte heim igjen. Alle dyra som var i bygget skal ha blitt redda ut.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL