Hopp til innhold

Kraftig auke i fristbrot

Helse Møre og Romsdal braut i mai fristane for behandling for nesten 20 prosent av pasientane. Andelen fristbrot i mai er på 19,9 prosent, som er ein auke på åtte prosentpoeng frå april.

Helse Møre og Romsdal ligg no 10,2 prosentpoeng over landsgjennomsnittet når det gjeld brot på behandlingsfristane. (Blå kurve i illustrasjonen) Det nasjonale talet for brot på behandlingsfristane er 9,7 %.(Raud kurve)

Andelen fristbrot er aller høgast når det gjeld psykisk helsevern for barn og unge. I mai var det her 82 fristbrot, og dette utgjer ein andel på 61 prosent.

Andel fristbrot HMR
Illustrasjon: Helse Møre og Romsdal