Hopp til innhold

Kraftig auke i familevaldssaker på Sunnmøre

Det har vore ein auke i alle typar valdssaker dei siste fem åra på Sunnmøre, men eit område skil seg ut. Vald i familien har dobla seg på fem år.

Ålesund politistasjon
Foto: Ivar Lid Riise / NRK

I dag vart det årlege valdsanalysen frå Sunnmøre politidistrikt lagt fram. I perioden 2010–2014 har det vore ein auke i valdssaker på 18 prosent. Innanfor gruppa familieforhold har det vore ein auke på heile 96 prosent i perioden på fem år. I 2010 etterforska politiet 52 familieforholdssaker, i 2014 hadde dei 100 saker.

Mesteparten av desse sakene gjeld mishandling i familieforhold med lekamskrenking.

Politiet meiner sjølv at ei viktig årsak til auken i familievaldssaker kan vere auka innsats frå politiet og andre aktørar på feltet. Dei ser positivt på fleire melder slike saker til politiet.

I 97 av sakene skjedde mishandlinga på privat stad. 32 prosent av sakene skjedde i Ålesund, dernest har Volda sentrum flest familieforholdssaker.